lørdag 31. mai 2008

Vinter møter vår




Det er ein fantastisk flott kontrast med grøn bjørk mot kvit snø (og grøn bil mot kvit snø). Bileta er tekne på Nesheimsfjellet, mellom Eksingedalen og Evanger, 31. mai

onsdag 28. mai 2008

Ankara


Dei fleste bileta på denne bloggen er frå mitt eige lokalmiljø. Denne gongen vert det eit stort sprang, nemleg til Ankara, hovudstaden i Tyrkia. Dette biletet er frå ein av dei gamle bydelane. Kjem ein inn i den sentrale bydelen, er det glas og marmor som dominerer. Slik er det ikkje her, nye og merkelege inntrykk dukka opp over alt.

tirsdag 27. mai 2008

E 16


Stamvegen mellom Bergen og Oslo går stort sett parallelt med jernbanen frå Voss til Bergen. Dette er frå Evanger.

mandag 26. mai 2008

Vassenden


Kveldstur ca kl 23. Biletet er teke utan stativ, med lukkartid på ca 1 sek. Eg er litt fornøydd med at det vart så pass skarpt likevel

lørdag 24. mai 2008

Fossmark



På besøk hjå svigers, sola skin og hagen er styla etter alle kunstens reglar. Slik skal eg ha det når eg vert pensjonist.

fredag 23. mai 2008

Svaberg



To detaljar frå sjøkanten like ved Halsnøy Kloster. Sjøen har slipt vekk dei mjuke bergartane. Att står eit vakkert mønster.

torsdag 22. mai 2008

Mestad


Stemning ein tidleg morgon ved Mestad i Teigdalen

onsdag 21. mai 2008

I skog og hage



Eg er slett ingen botanikar, men har sans for fine fargar og former likevel. Det grøne biletet er henta frå overgangen mellom skog og myr, det gule er frå eigen hage.

tirsdag 20. mai 2008

18.mai



Det er ikkje så dumt å stå tidleg opp om morgonen, sjølv på 18. mai. Ein råkald morgon når det stig damp opp frå baken, kan vera stemningsfull. Men sandalar er ikkje ideelt fottøy når du skal bevega deg i eit våtmarksområde, og temperaturen er 4 grader.

lørdag 17. mai 2008

17.mai



Det er ikkje spesielt originalt med bunadsbilete 17. mai. Men når me har pynta oss, er det kjekt å ta bilete, uansett. Sjølv om det berre er 1/3 av ungeflokken som er heime, er det vel verdt å foreviga

onsdag 14. mai 2008

Inni granskauen


Det kan faktisk vera fint inne i tjukkaste og mørkaste skogen berre sola får sleppa til

mandag 12. mai 2008

Evangervatnet


Dette biletet er enkelt og greitt eit resultat av at eg fekk lyst til å leika litt med adobe photoshop

lørdag 10. mai 2008

Ut på tur



Av og til har ein det meir enn kjekt på jobb. Som her, då me er på tur i skogen i nydeleg ver

fredag 9. mai 2008

Vatn



To detaljar

torsdag 8. mai 2008

Fototur med den lille havfrue




Kveldstemningar ved bryggja i Ståi. Spennande å sjå korleis lystilhøve forandrar seg frå minutt til minutt

søndag 4. mai 2008

Sykkeltur i Teigdalen.



Ein sykkeltur gjennom Teigdalen kan anbefalast. Solveig og eg var ute på vegen før sola nådde dalbotnen. No må det nemnast at sola kjem svært seint, men etter klokka 12 er dt håp om litt varme frå den kanten. Bileta er frå Mestadvatnet og ei bru mellom Langeland og Brekkhus. Har nemnt tidlegare at eg er fascinert av bruer, denne er eit prakteksemplar av ei steinkvelvingsbru

torsdag 1. mai 2008

Kven skal ut?


Her er tre kvite dyr, Viss du er usikker på kven som ikkje høyrer til dei andre, har du eit alvorleg stort hol i kompetansen når det gjeld husdyr