mandag 30. juni 2008

Rasdalsvatnet



Ein kveldstur i Rasdalen kan trygt anbefallast. Det er stilt og fredeleg, i alle fall når du er komen forbi anleggsområdet til det nye kraftverket. Det er forresten fint å bada i Rasdalsvatnet, men varmt er det ikkje.

søndag 29. juni 2008

Wunderbaum king size


Når du parkerer bilen over lengre tid, er det viktig å fjerna wunderbaumen . Den kan nemleg slå rot!

fredag 27. juni 2008

Halsnøy



Fine former, duse fargar og brukbare badetemperaturar: Dette er Halsnøy i Kvinnherad.

onsdag 25. juni 2008

Sommarblomar




Mange slags vakre blomar kjem fram når det er sol og varme!

onsdag 18. juni 2008

Styling-tips



Dette vert mitt første, og truleg siste, stylingtips. Bading i saltvatn, vind og manglande frisørbesøk gir ein luftig og fresh frisyre som er unik berre for deg.

tirsdag 10. juni 2008

Tveitavegen


Skogsvegen over Tveiti er ein fin ,roleg og passeleg lang kveldstur

søndag 8. juni 2008

Blåttiblåttiblåttt



Stemning frå Halsnøy 7. juni 2008

onsdag 4. juni 2008

Gunnhildafossen


Dette er ikkje berre ein fin foss i Eksingedalen, det er også enrgikjelda til eit av dei verkeleg tidlege private kraftverka. Er ikkje sikker på når det kom i drift, men det var lenge før elektrisk straum var allemannseige.

mandag 2. juni 2008

Bru over bru over bru



Ikkje mindre enn tre bruer kryssar Teigdalselva på same staden. Utviklinga krev større dimensjonar. Likevel, konklusjonen er klar: Den eldste brua er direkte vakker, dei to andre er direkte stygge.

søndag 1. juni 2008

"et lite stykke Norge"


Kanskje det var her Freia fann motivet til papiret på mjølkesjokoladen?
Nese, Eksingedalen.