fredag 10. juli 2009

Vanskeleg val?




Når ein har valet mellom å skrapa og måla eit felt på huset med to fargar og masse detaljar, eller dra på padletur i eit spegelblankt Evangervatn, er det godt å vera lik Ole Brum og seia: Ja takk, begge deler! Dermed vart det først eit par timar på veggen, deretter ein flott og roleg tur på vatnet. Når me i tillegg ventar besøk og planlegg god mat og vin, vert dette ein perfekt ettermiddag.

2 kommentarer:

Patina-H sa...

Det var eit utruleg stilig og fint bilete frå vatnet :) :) Grattis !

einar sa...

Takk, ein roleg padletur her gir fred i sinnet.