torsdag 30. april 2009

Snøleik







Kanskje årets siste sjanse til å boltra seg i snøen. Nokon viste at dei har peiling på freestyle!

onsdag 29. april 2009

Vinteren er ikkje over likevel







I alle fall ikkje på Vikafjellet. Fint ver, vindstille og godt skiføre, gjorde at det vart ein svært vellukka skidag for 9. klasse ved Voss ungdomsskule.

mandag 27. april 2009

08.00







Om morgonen kan det vera ein intens kamp mellom skodde og sol. Nok ein gong vann sola. Eit kvarter etter desse bileta var tekne, var det sol og blå himmel over Voss.

søndag 26. april 2009

Å måla eit hus




Det er eit prosjekt som tek tid når du skal kjempa med detaljar som dette.

lørdag 25. april 2009

Vakkert


Det er stor stas når blomane byrjar spreie seg utover i blomsterbeda

fredag 24. april 2009

Styveshorgi


Fjell med snø på toppen som speglar seg i vatnet er vel det mest klisjeprega motivet som fins, men det er litt fint likevel.

onsdag 22. april 2009

I opplag







Denne båten har tydelegvis gått på Evangervatnet ein gong i tida. Ca 16 fot og innanbordsmotor.
Eg kan ikkje hugsa å sett denne båten i drift, og han er tydeleg prega av tidas tann.

tirsdag 21. april 2009

Stopp ved Evangervatnet




Det er mange idyllar langs Evangervatnet. Du må berre ta deg tid til å parkera bilen!

lørdag 18. april 2009

Superkeeper


Her får du ikkje mål. Baltus har nemleg full kontroll.

fredag 17. april 2009

Nok eit vårteikn




I mine auge er fraktebåten på fjorden eit typisk vårteikn!

onsdag 15. april 2009

På jobb igjen




Påskeferien er slutt, så då er det å sjå etter motiv på veg til jobb. Det er fleire plassar eg skulle ha stoppa pga flotte motiv, men det langt mellom stadane ein kan plassera bilen langs vegen. Ved Geitle gjekk det fint. Klokka er 7.45, og sola er alt oppe!!

lørdag 11. april 2009

Vinteren er over







Nede i låglandet er det ikkje tvil: Når Geitåni er slik, er det full snøsmelting, og vinteren seier takk for seg. Det er i grunnen like greitt.

Påskestemning




Det har ikkje vore mange timar med fint påskever på Vestlandet i år. Då er det viktig å fanga dei augneblinkane då sola verkeleg tittar fram

fredag 10. april 2009

Kven har vore på besøk?







Å opna hyttedøra etter vinterdvalen og møta dette synet, er ikkje kjekt. Mors Flatbrød har falle i smak, boksen med Carlsberg var nok tom i utgangspunktet. Det kan minna om herjingane til ein mår, men har måren tenner som er i stand til å gnaga seg gjennom panelingsbord? Det er i alle fall tydeleg å sjå korleis dyret har kome seg inn. Og korleis skal eg fiksa holet i taket?

torsdag 9. april 2009

September og april







Eit halvt år gjer stor forskjell!

onsdag 8. april 2009

Stordalen







Endeleg ein tur til finaste plassen eg veit om. Denne gongen var det ved hjelp av ein god nabo med snøscooter. Nytt tak og hyttedo er på plass. Til våren skal det jobbast. Dagen i dag var fin med sol og behageleg temperatur.