onsdag 30. juni 2010

Ålesund







Ålesund er truleg ein av dei vakraste byane i Noreg. Jugendbygningar, bratte gater og havutsikt er med på å skapa dette inntrykket. Rett nok er ikkje veret alltid slik som på bileta, men det gløymer ein straks sola skin.

onsdag 23. juni 2010

Iris




Eg er ikkje ekspert på blomar, der er det faktisk stoore hol i kunskapen. Likevel meiner eg bestemt at dette er iris i ulike fargar. Flott blomst, men levetida er sørgjeleg kort.

tirsdag 22. juni 2010

Familieidyll




Svanefamilie på tur. Er ikkje spesialist på å kjønnsbestemma svaner, men har ein teori om at mor er i føringa, ungane prøver så godt dei kan å følgja etter på rekke, mens far diltar motvillig etter.

søndag 20. juni 2010

Frå Løvebakken


Ei veke på Stortinget har gjort at det vart lite tid til fotografering og endå mindre til blogging. Eitt einaste bilete vart teke, og det var av kontordøra til Gina Barstad. Der heng palestinasjalet hennar og slipset mitt. Ein stortingsrepresentant må ha utvida dresskode!

lørdag 12. juni 2010

Liten idyll







Me er framleis på Halsnøy. Denne idyllen ligg gøymt i skogen, men sjøutsikta er likevel fantastisk.

torsdag 10. juni 2010

Halsnøy kloster




Når det er ein plass som heiter Klostervågen, er det naturleg nok eit kloster i nærleiken. Halsnøy kloster er i dag ein del av Sunnhordaland museum. Klosteret er borte, men området er vakkert restaurert.

onsdag 9. juni 2010

Lita sjøbu




Denne vesle bua/naustet er også ein del av Klostervågen. I alle dei åra eg har vore der, har denne sett heilt lik ut. Lemmane framfor vindauga har aldri vore vekke. Søylene under har alltid vore like skeive. Men fint er det!

mandag 7. juni 2010

Klostervågen







Klostervågen på Halsnøy er ein av mine favorittstadar. Her er vakkert og idyllisk i seg sjølv, dessutan er det eit glimrande utgangspunkt for båtturar. Her er området fanga i tre ulike vinklar og til ulik tid på døgnet.

søndag 6. juni 2010

Årets første




Juni. Halsnøy, båt, sjø, det måtte berre verta ein dukkert. Ikkje spesielt varmt, men herleg forfriskande.

tirsdag 1. juni 2010

Venting


Det er ikkje få gonger eg er blitt ståande og venta på grønt lys ved Hettetunnelen. Lenge ( i alle fall nesten 5 minutt). Dette er vel einaste fotomotivet på staden. Ikkje spesielt originalt, men Fossmark ligg til venstre, Osterøy til høgre og Langhelle i bakgrunnen. Meir er i grunnen ikkje å sei om den saken.