tirsdag 28. juni 2011

Utsikt frå eit vidauge




Vermeldinga sa at det kom til å verta store nedbørsmengder på Vestlandet i dag. Dei fekk rett! Heldigvis vart det ein liten pause i kveld, og då er det faktisk ganske fint å sjå ut stovevindauga. Luftfuktigheita er ca 100 %, trur eg.

søndag 26. juni 2011

Holo og Rørbakken





Når vegen sluttar i Rasdalen, er det ikkje slutt på gardane. Lenger inne i dalen ligg Holo og Rørbakken. Det er lenge sidan det har budd folk her, men i Rørbakken er alle husa restaurert. Dette er ein fantastisk fin plass og eit godt utgangspunkt for turar både sommar og vinter.

fredag 24. juni 2011

Markblomster



Dei som har vore innom mi kjære svigerdotter sin blogg, HippieChic, (sjå lista til høgre) kan sjå bilete av dei vakraste bukettane av markblomster. Vel, her er bilete av blomane før dei vart til bukettar.

søndag 19. juni 2011

Småbrekke - Moastølen




Parker på Småbrekke i Bergsdalen, gå ein liten halvtime langs ein grei veg, og du er på Moastølen. Går du vidare, kan du koma til Høgabu, og er du veldig sprek, kan du gå over til Vaksdal.

søndag 12. juni 2011

Kjekt og skummelt




Geitekillingar er utruleg søte , sjarmerande og artige dyr. Men når dei vert altfor nærgåande, er det godt å ha ein bestefar å gøyma seg bak, syns Nora.

fredag 10. juni 2011

Gratulerer!!








Stor dag på Evanger. Dei tre flotte damene som driv vår favoritt-kafe/bruktbutikk, opna i dag eit nytt tilbod, nemleg utleigeleiligheiter i den same , gamle sjøbua der kafeen er. Og me var inviterte på opninga! Stor stas, med snorklipping av ein ekte stortingsrepresentant (Hilde Magnusson Lydvo) og skriftleg personleg helsing frå ein ekte statsråd ( Trond Giske ). Etterpå var det omvising i dei to leiligheitene og servering av fingermat, vin og ekte bjørkesaft. Kort oppsummert: Opningsfesten var svært vellukka, og leiligheitene er rett og slett råstilige! Køyrer du E16 mellom Voss og Bergen , må du svinga innom Evanger og besøkja Patina bruktbutikk/kafe/overnatting. ( Dette er første og siste gong du finn reklame på denne bloggen)

mandag 6. juni 2011

Kanskje litt fint?



Trolsk stemning på Seim når skodda legg seg over vatnet. Det er sjølvsagt fint med slike stemningar, men det er ikkje så verst med sol heller?

søndag 5. juni 2011

Herlege fridagar






Alle tiders å vera på besøk hjå besteforeldra. Då kan me hoppa på trampoline og eta berlinerbollar slik berlinerbollar skal etast