søndag 31. juli 2011

Sommarbad



Ikkje noko er meir forfriskande enn å bada i ei elv med friskt fjellvatn. Det treng ikkje vera ein stor ekspedisjon for å kunna nyta dette. Ein biltur (på elendig veg) til Mæland, og det er berre å hoppa ut i elva der vatnet held ein svært så behageleg temperatur.

fredag 29. juli 2011

Sommarhage






Hageaktivitetane i sommar har for det meste gått ut på å kjøpa plantar for å erstatta dei som ikkje klarte vinteren ( og det var mange), slege plenen og luka ugras. Då lærer ein seg å setja pris på dagar med sol og varme, slik at ein kan nyta resultatet av arbeidet.

Litt skummelt


Kyr vert veldig store når du sjølv er berre 16 månader. Samtidig er det veldig spanande og kjekt å sjå dei på nært hald. Løysinga vert då å alliera seg med ei modig bestemor.

tirsdag 26. juli 2011

Fredlege fjell




I ei tid der me opplever tragediar ein ikkje skulle tru kunne skje her hjå oss, er det kontrastfylt å oppleva den fullkomne freden ein møter i fjellet, til dømes rundt Stordalen. Det gjer opplevinga av det meiningslause som skjedde i Oslo og Utøya enno sterkare.

torsdag 21. juli 2011

Hyvingen



Hyvingen er lett å kjenna att når du kjem inst i Bolstadfjorden. Den steile fjellsida går rett ned i fjorden. Dette er enno tydlegare når du ser det frå aust, ikkje frå vest som her. Tidlegare, dvs før E 16, gjekk jarnbana i tunnel gjennom fjellet, men som ein kan sjå på biletet, er det ei stund sidan.

mandag 18. juli 2011

Grinegutten


Ein grinete gut som står midt i vatnet med fiskar som sprutar vatn, gjorde stort inntrykk på Nora, som på ingen måte var grinete.

søndag 17. juli 2011

Siste rest av finveret




Når metereologane melder regn til natta (dei fekk rett), gjeld det å nytta og nyta kvelden. Reker og vin er ypperleg meny for sommarkvelden ute . Einaste minuset var at også myggen hadde bestemt seg for å kosa seg i somarnatta.

lørdag 9. juli 2011

Jordbærtur




Knapt noko smakar betre enn markjordbær. Dette har også Casper og Nora oppdaga. Casper plukka ganske mange bær i eit glas. Nora såg helst at ho fekk bæra servert, men hjelpte til sjølv også.

torsdag 7. juli 2011

Lokalhistorie


I riktig gamle dagar var det meir trafikk på Evangervatnet enn no. Her var det frakting av folk, varer og personar. Bryggja var viktig, og denne ringen var fortøyingspunkt då som no. Skulle likt å sett alle båtane som har vor fortøydd her. Kajakken min vert nok ganske puslete samanlikna med desse.

onsdag 6. juli 2011

Ein hundevask



Me skulle eigentleg berre ein snartur ned til bryggja i Evangervatnet. Men Baltus tenkte slik: "Det er sommar , sola skin, vatnet er blankt; her skal det badast!"

lørdag 2. juli 2011

Bolstadfjorden


Ikkje noko spesielt, anna enn at det var ganske fint i Vågen i kveld.