Etter ein lang vinter vert det vår. Rett nok er det framleis frostnetter, men likevel. Kvifor må då desse fuglane på død og liv oppsøkja einaste staden det har lagt seg is i løpet av natta? Hadde eg vore sjefsfugl, ville eg funne ein betre plass for middagskvilen.Det er`kje greitt å vera foggel i dag.
Veit ikkje heilt kvifor, men eg vert alltid fascinert av bruer, store og små. Denne er stor, men ikkje større enn at det ristar kraftig når store bilar køyrer over. Dessutan er det ei fantastisk utsikt, både mot aust og vest
I eit forsøk på å finna att den gode fysiske forma, la eg ut på sykkeltur frå Trengereid til Bruvik på Osterøy. Ein kjempefin tur, og forma var betre enn frykta. For ein som er glad i stein og liker å mura, vart denne trappa ei openberring. Skikkeleg imponerande!
Sein morgon, eller tidleg føremiddag, sola har stått opp og skin over Vangsvatnet. Då er det fint å ha tid til å svinga bilen inn over Lilandsbrua, gå ut, kjenna at sola varmar og prøva å fanga stemninga-
Dette biletet er tatt for eit par veker sidan. Det MÅ vera siste snøfallet. Men legg merke til sola skin. Det er ikkje sjølvsagt når du bur ein plass der sola er vekke frå ein gong i oktober til 25. februar