Det er ein fantastisk flott kontrast med grøn bjørk mot kvit snø (og grøn bil mot kvit snø). Bileta er tekne på Nesheimsfjellet, mellom Eksingedalen og Evanger, 31. mai
Dei fleste bileta på denne bloggen er frå mitt eige lokalmiljø. Denne gongen vert det eit stort sprang, nemleg til Ankara, hovudstaden i Tyrkia. Dette biletet er frå ein av dei gamle bydelane. Kjem ein inn i den sentrale bydelen, er det glas og marmor som dominerer. Slik er det ikkje her, nye og merkelege inntrykk dukka opp over alt.
Eg er slett ingen botanikar, men har sans for fine fargar og former likevel. Det grøne biletet er henta frå overgangen mellom skog og myr, det gule er frå eigen hage.
Det er ikkje så dumt å stå tidleg opp om morgonen, sjølv på 18. mai. Ein råkald morgon når det stig damp opp frå baken, kan vera stemningsfull. Men sandalar er ikkje ideelt fottøy når du skal bevega deg i eit våtmarksområde, og temperaturen er 4 grader.
Det er ikkje spesielt originalt med bunadsbilete 17. mai. Men når me har pynta oss, er det kjekt å ta bilete, uansett. Sjølv om det berre er 1/3 av ungeflokken som er heime, er det vel verdt å foreviga
Ein sykkeltur gjennom Teigdalen kan anbefalast. Solveig og eg var ute på vegen før sola nådde dalbotnen. No må det nemnast at sola kjem svært seint, men etter klokka 12 er dt håp om litt varme frå den kanten. Bileta er frå Mestadvatnet og ei bru mellom Langeland og Brekkhus. Har nemnt tidlegare at eg er fascinert av bruer, denne er eit prakteksemplar av ei steinkvelvingsbru