Ein kveldstur i Rasdalen kan trygt anbefallast. Det er stilt og fredeleg, i alle fall når du er komen forbi anleggsområdet til det nye kraftverket. Det er forresten fint å bada i Rasdalsvatnet, men varmt er det ikkje.
Dette vert mitt første, og truleg siste, stylingtips. Bading i saltvatn, vind og manglande frisørbesøk gir ein luftig og fresh frisyre som er unik berre for deg.
Dette er ikkje berre ein fin foss i Eksingedalen, det er også enrgikjelda til eit av dei verkeleg tidlege private kraftverka. Er ikkje sikker på når det kom i drift, men det var lenge før elektrisk straum var allemannseige.
Ikkje mindre enn tre bruer kryssar Teigdalselva på same staden. Utviklinga krev større dimensjonar. Likevel, konklusjonen er klar: Den eldste brua er direkte vakker, dei to andre er direkte stygge.