Ei varmegrad og sludd er ikkje det som innbyr til grilling. Men ein stor grill kan brukast til så mykje, mellom anna til bålbrenning etter ei loftsrydding.
På veg til jobb snøa det. På veg heim var det slik bileta viser, regn og vind , ja det var rett og slett ufyseleg. Motivet har vore på bloggen før, dette er Voss sett frå Kvåle. kanskje det er heilt anleis i morgon?
Så vart det altså vinter, i alle fall i Bergsdalen. Me var på ein improvisert hyttetur og vakna opp til skikkeleg julekortstemning. Kanskje det vil halde seg slik ei stund?
Når eg for første gong har vore i Trondheim, må eg visa dette fotografisk, sjølv om bileta ikkje er av dei beste, og originaliteten i alle fall ikkje er framtredande. Uansett, Trondheim er ein alle tiders koseleg by!