søndag 7. september 2008

Porsche




Dette er ein heller ukjent modell frå Porsche. Men faktisk rulla det fleire av desse ,ikkje på norske vegar, men norske gardsbruk , på 1950-talet. Designet var nok meir spesielt enn praktisk.

torsdag 4. september 2008

Steinstudie


Kva kan ein få ut av desse steinane? Det ser i alle fall ut som om dei har funne kvarandre.

onsdag 3. september 2008

Baltus


Denne karen er rett nok ikkje av dei største, men det han manglar i storleik, tek han att på personlegdom og vilje. Ingen Rottweiler eller Schafer får Baltus til å tvila på kven som er sjefen.

Idyll


Fonnes i Austrheim er kanskje ikkje den største turistmagneten, men det er ein stad med mange idyllar likevel.

tirsdag 2. september 2008

Ut på tur



8-klasse ved Voss ungdomsskule fann ein dag med sol og behageleg temperatur for haustturen til fjells. Målet var Sendedalen på Vikafjellet, og alle gjennomførde med humøret og helsa i behald.

mandag 1. september 2008

Balkanfest,Evanger



Siste helga i august vart ei fantastisk festhelg på Evanger. Lokale krefter arrangerte festival med mat og musikk frå Balkan. Bileta viser to av dei musikalske innslaga: Gipsy Tunes og Boban i Morko Markovic Orkestar. Sistnemde er her vist i gateparaden, men dei levert også fantastiske konsertar, både på scena og i kyrkja

lørdag 23. august 2008

Heisekran i solnedgang


Er ikkje dette harry, så fins det ikkje bilete som er harry. (men det er no litt stilig?)

Knut med dame og hund


Nokon skal ha alt. Det er ikkje nok å bu saman med ei flott dame, han må ha ei på armen i tillegg.

tirsdag 12. august 2008

Tak i Bergen


Husa står tett på Nøstet i Bergen. Bruken av raud takstein er ganske så gjennomført. Likevel er det stor variasjon.

mandag 11. august 2008

Regn, regn, regn




Etter eitt døgn med kraftig regn, veks fossane i Geitåni dramatisk. Vakkert!!

søndag 10. august 2008

Signaturkysset


To Signaturtog møtest, og dei bestemmer seg for å halda saman.

Ikkje for pysar


Å bada i ei elv som er flaumstor av smeltevatn, krev sin menn (evt. kvinne)

lørdag 9. august 2008

Solnedgang


Sein kveld ved Halsnøy Kloster. Sola går ned bak Kattanakken på Stord

onsdag 6. august 2008

Frå hav til fjell



Det er fint på kysten, og feriedagane på Halsnøy, Kragerø og Jomfruland var fantastiske. Likevel er det noko spesielt med å koma seg til fjells og få nokre fredlege dagar på stølen, Stordalen. Bileta viser morgon- og kveldsstemning sett frå selet. Dette gir fred i sjela!!

fredag 1. august 2008

Jomfruland




Når ein dreg på konsert under to tårn på Jomfruland, får ein ei kindereggoppleveing: God musikk,festivalstemning og ikkje minst fantastiske naturopplevingar.