mandag 18. april 2011

Svalbard. Gruvedrift




I dei fleste gruvene rundt Longyearbyen er det ikkje lenger utvinning av kol. Nesten all produksjonen føregår no i Svea, fire mil frå byen. Gruve 7 som ligg i Adventdalen like ved Longyearbyen er den einaste gruva som framleis er i drift i "sentrale" strøk.

søndag 17. april 2011

Svalbard. Fjell




Det er spesielle og flotte fjellformasjonar over alt på Svalbard. nederste biletet viser Operafjellet der eit russisk fly styrta for nokre år sidan.

tirsdag 12. april 2011

Svalbardnatt




Om ti dagar er det midnattsoø i Longyearbyen. Det betyr at det alt no er lyse netter. Berre eit par timar rundt midnatt er det litt mørkt. Då er det til gjengjeld svært stemningsfullt. At ein må ut midt på natta for å fanga dette, får heller våga seg.

mandag 11. april 2011

Svalbard







Er tilbake på fastlandet etter ei fantastisk langhelg på Svalbard. Opplevingar frå turen vil verta vist i dagane framover. Me startar i Longyearbyen og området rundt Nybyen der me budde. Gamle arbeiderbustadar er bygd om til losji for studenter og turistar. Ein triveleg plass å bu!!

søndag 3. april 2011

Bru på avvegar





Is + vatn = store krefter. Denne brua på Raudstølen har fungert i fleire år. Så kjem det ein vegg av is og vatn, og brua er på veg ut i det store intet. Solid dugnadsinnsats fekk dragarane på rett plass. Til våren vert det ny dugnad for å få på plass resten av treverket.

torsdag 31. mars 2011

Turist



Å sjå japanske turistar på ei regnvåt brygge i Lofthus, Hardanger, er spesielt. Det som er ekstra spesielt, er at denne turisten er iført samehue!

tirsdag 29. mars 2011

Sorry, Hardanger



Bileta i går teikna kanskje eit i overkant dystert bilete av distriktet. I dag framstår Hardangerfjorden som vakker og dramatisk.

mandag 28. mars 2011

Hardanger






Attende til norske tilhøve: 1. Er det vår i Hardanger? NEI 2. Er der rasfare ? JA. Bileta er tekne frå Ullensvang hotell i Lofthus. Det nederste biletet viser Velure på vegen mellom Odda og Utne.

onsdag 23. mars 2011

København, Churchillparken




Ein kort spasertur frå Strøget, f.eks. gjennom Amalienborg, fører deg til Churchillparken. Dette er eit nydeleg lite parkanlegg med vollgraver og sjø på alle kantar. Den lille havfrue held også til her. Parken er populær blant barnefamiliar og joggarar.

tirsdag 22. mars 2011

København, Gråbrødretorvet







Ein tur innom Gråbrødretorvet er fast post på turar til København. Torget er lite og idyllisk, plassert litt bortgøymd frå Strøget, og med Rundetårn like i nærleiken. Her er det fredeleg og avslappa stemning, og det er serveringsstadar på alle kantar. Peder Oxe Vinkelder er mi favorittkro. Torget er oppkalla etter gråbrødrene som tilhøyrte eit fransiskanarkloster som låg like i nærleiken. Alle husa rundt torget er freda. Nokre av dei vart oppført som bustadhus etter bybrannen i 1728.

Købehavn, Nyhavn




Ein helgetur til København er ei fantastisk avveksling frå vestnorsk is, snø og sørpe. Humøret steig i takt med sola. København er ein fantastisk by med mange idyllar. I dette g dei neste innlegga vil du kunna sjå nokre av mine favorittområde i byen, stadar som bør vera obligatorisk for alle besøkjande. I dag er det Nyhavn, hamneområdet med dei mange kafeane og uteserveringane.

onsdag 16. mars 2011

Mars 2008 - mars 2011







Desse bileta er alle tekne medio mars. Dei to øverste i 2008, dei andre i 2011. I 2008 lengta me etter snø, i 2011 lengtar me etter snøfrie bakkar. Felles for begge åra er at me reiser til København på helgetur.

mandag 14. mars 2011

Svigermor sitt husdyr






Denne hjorten er stadig på besøk i hagen til svigermor. Vegen til og frå skogen er like ved husveggen. I dag gadd hjortekolla ikkje flytta seg sjølv om eg gjekk ut av bilen for å fotografera. Det verka som dyret tenkte: "Skal han ikkje snart gå slik at eg kan få eta i fred?" Vakkert er det i alle fall.

søndag 13. mars 2011

Kveld, snø, vinter



Vårteikna eg såg for nokre dagar sidan, er definitivt borte. Er ikkje mars eigentleg ein vårmånad?

torsdag 10. mars 2011

Landemerke



For oss som likar å gå tur langs Geilavegen, er det to landskapsformasjonar som er lette å kjenna att: Jonshorgi og Nakka. Jonshorgi er ein topp som skil seg ut frå resten av landskapet. Nakka er ein av dei mange fjellgardane som ikkje lenger er i drift.