onsdag 26. mars 2008

Den blå timen


Når det er snø over alt, oppstår det eit merkeleg lys i overgangen mellom dag og kveld.Her er det på grensa til at det bør brukast stativ, men kven har vel det med til fjells? Me som har sett "Jul i Blåfjell" kan kanskje kalla dette "Påske i Blåfjell"?

mandag 24. mars 2008

Stordalspåske



Overgangen frå København til vår eigen fjellheim er stor. Det er ganske fantastisk å kunna få med seg begge deler. Å vakna og sjå ut vindauga når fjellet viser seg fram på denne måten, er berre utruleg. Det vart dermed ei flott avslutting på ein variert og spanande påskeferie.

fredag 21. mars 2008

50 år!!!


Denne dama feirar sin 50ande gebursdag i dag. Meldingar og telefonar strøymer på, også i ein dansk park

Fiskehale


På vandring langs Sankt Peters Sø møtte me denne fuglen. Ei entusiastisk, dansk dame som kom forbi sa at den heiter Fiskehale og er eigntleg veldig sky, så det er ikkje vanleg å sjå han på nært hald. Kjekt for oss. Etterpå var me på ein gedigen loppemarknad i Forum. Kanskje ein sær måte å feira 50-årsdag på, men me har hatt det kjekt. No ventar ein betre middag.

torsdag 20. mars 2008

Kafe?


Av alle plassar det er plassert ein kafe, er dette den merkelegaste. Veit ikkje kva den heiter, men biletet er tatt frå Den lille havfrue. Har nokon vore på denne kafeen, er eg utruleg spent på å høyra korleis det er der.

Ulike sider av København



Byen har mange sider. Her ser de ei koseleg sidegate, fredeleg og typisk dansk. Vidare må me innom Gråbrødretorvet. Av dei mange torgplassane i byen, er dette det koslegaste. Det ligg fredeleg til, berre eit steinkast frå Strøget.

onsdag 19. mars 2008

Nyhavn



København er ein vakker by, med mange spennande parkar, gater og torg. Likevel, Nyhavn er min favoritt. Her er båtar, vakre husfasadar og mange, mange kroer og restaurantar. Uteservering er kjekt. Vert det for kaldt, kler ein seg etter tilhøva!

Morgenmad



Heilt tilfeldig fann me vår morgenmadplass. Istedgade er ikkje berre frisørar og sexhjelpemiddel. I nr 130 fann me denne kafeen. Ikkje var der fint, ikkje spesielt reint, ikkje trendy, men maten var utruleg god. Til og med kaffien var økologisk.

tirsdag 18. mars 2008

København




Dagen starta med at vekkarklokka ringde kl 04.00. Klokka 04.20 sat me i bilen og kl. 9.30 var me på hotellrommet. Litt overraskande at byen var dekka av nysnø, men pytt pytt. Strøget , Nyhavn, Gråbrødretorvet og alle kafeane gjorde at dagen gjekk fort.

søndag 16. mars 2008

I kveld skal det feirast


Ein av bebuarane i huset fyller 50 år i påsken. Dette må feirast før me dreg til København. I kveld møtest derfor alt av familiemedlemmer for å hylla jubilanten, nyta god mat og drikke og ikkje minst ha det kjekt i lag. Solveig er i gang med Waldorfsalaten. Ut frå antrekket kjem ho vel kanskje i kategorien semiproff; kokkehue og mariusgenser er truleg ikkje den mest vanlege kombinasjonen i kokkemiljøet.

fredag 14. mars 2008

Påskeferie!!


Siste dag på jobb før påske. Skulen vår har tradisjon på å markera denne dagen ekstra, mellom anna kler både elevar og lærarar seg i påskefargar. Derfor kan ein visa denne vakre buketten med glade menneske. Snart er det fellessamling med musikk og påskegele. Gler meg!

torsdag 13. mars 2008

Påskestemning?




Ein arbeidsdag att før påske. Dette er ein oppløftande tanke. Diverre har ikkje vergudane fått dette med seg. Berre sjå på bileta. Det er lite som fører tankane inn på skiturar, blå swix og kvikklunsj. Me har teke konsekvensane av dette og prøver eit alternativ , nemleg byferie i København. Når eg endeleg har fått reparert kameraet, gler eg meg til å leita opp fotomotiv i storbyen. Me dreg tysdag, og eg vil prøva så godt eg kan å leggja inn reisebrev på bloggen.

onsdag 12. mars 2008

Endeleg


Endeleg har eg fått tilbake kamereaet mitt. Ei stor takk til Herheim foto og Nikon som har sytt for at mitt etter kvart gamle Nikon d70 vart ordna på garantien! Det kallar eg service!

Endeleg er det vår. I alle fall har snøklokkene dukka opp. Eg er klar over at det ikkje er oppsiktsvekkjande med snøklokker på denne tida av året, men det er no kjekt likevel. Legg merke til at det dukkar opp påskeliljer attmed snøklokkene. Dei vart planta i fjor. No ventar eg med spenning på at dei skal spretta ut.

Til slutt: Snart kan me seia: Endeleg påske!

lørdag 1. mars 2008

Vinterferie i Oslo




Vestlandet er vakkert, men etter veker med regn og sludd, er det fantastisk å koma til Oslo med sol, yrande folkeliv og mange koselege stadar der ein kan droppa inn. Ekstra kjekt er det når ein kan feriera med desse to flotte damene, May og Maria.

Maria fortener eit ekstra bilete, sidan ho er den perfekte vertinna og guiden. På biletet er ho nett komen heim etter ein handlerunde saman med mammo og pappen.