lørdag 26. februar 2011

Leik i snø



Uansett alder, det er kjekt å leika i snøen.

søndag 20. februar 2011

Det skin på toppane



Tittelen er ei lett omskriving av uttryket "Det bles på toppane". Det har jo kunna vore brukt også i bokstavleg tyding i det siste, men no er det berre idyll. Denne stemninga er fanga frå svigermor sin hage i Fossmark. I dag har eg vore på ski og kan slå fast at det ikkje bles på toppane.

lørdag 19. februar 2011

Bestefar




Det er ikkje ofte eg legg inn personlege bilete på denne bloggen. Men når me nett har fått møtt det nye barnebarnet , er det uråd å forbigå dette i stillheit.

onsdag 16. februar 2011

Nesten fullmåne



Bilete av månen er ikkje spesielt originalt. Dette er derfor eit innlegg for å minna meg sjølv om at det kan vera greitt å gå ein kveldstur, sjølv om det er laussnø, vind og kuldegrader.

tirsdag 15. februar 2011

Aften rød gir morgen.......?




Hugsar ikkje om siste ordet i ordtaket er sød eler blød. Uansett, kvifor er himmelen ekstra raud når det er sterk vind? Eller er det ikkje slik?

mandag 14. februar 2011

Å henta ved



Det er ikkje berre berre å henta ved når døra er nesten blokkert av snø og i tillegg er låst fast av den same snøen slik at det så vidt er mogeleg å åla seg inn. Å gå i gang med å spa vekk snøen, er heller ikkje spesielt freistande. På biletet der det tilsynelatande ikkje er noko dør i det heile, er det faktisk ei dør bak snøen. Lengtar etter vår!

fredag 11. februar 2011

Skumring




At veret skiftar karakter, er noko som har prega februar. Ein dag regn, neste dag snø som går over til regn. Her har regnet gitt seg, og gradestokken går frå plussgrader til minus. Kanskje ein burde ta bilete kvar dag slik at det er sjans til å halda overiskten på kva ver me har?

torsdag 10. februar 2011

Spøkjer det?


Eller er det berre fotografen som ikkje har slått av lysa på bilen?

søndag 6. februar 2011

Nattskodde


Snø, sludd, regn og slaps. Alt er liksom berre elendigheit. Plutseleg sluttar det å regne, og skydekket slår sprekker, medan skodda sig inn. Stemninga vert anleis, og huset framstår som litt mystisk og skummelt.