fredag 31. juli 2009

TV-tårnet i Berlin


Dette er eit av dei mest kjende landemerka i Berlin. Tårnet vart bygd under den kalde krigen, på Alexanderplatz. Dette er i Aust-Berlin, men like ved muren, slik at også folk i Vest-Berlin kunne sjå praktbygget

onsdag 29. juli 2009

Meir Danmark







Ute høljar regnet ned. Då er det greitt å bla gjennom dei ferske bileta frå Danmarksturen og sjå at me har skaffa eit godt lager med fine ferieopplevingar.

mandag 27. juli 2009

Kva er dette?




Viss det er ein dyktig botanikar som les dette, ville eg likt å få vita kva dette er for noko. Det er eit bartre, og det veks i Skiptvedt i Østfold. Viss utvekstane er kongler, er det ei uvanleg plassering samanlikna med andre tre eg har sett.

fredag 24. juli 2009

De danske kornagre om aftenen




Eg er slett ikkje sikker på om dansken min er korrekt, men at dette er ein kornåker på Jylland, fotografert seint på kvelden, er i alle fall sikkert.

torsdag 23. juli 2009

Kveldstur




Ein tur langs stranda kl 22.30 kan vera ein stemningsfull, men spooky affære.

onsdag 22. juli 2009

Hundebad







Etter ein kort symjetur er det herleg å slappa av, også for Baltus

tirsdag 21. juli 2009

Strandtur







Ein kveldstur langs stranda er ei fin oppleving. At ein vert overraska av ei regnbyge, får heller våga seg, særleg når ein får ein nydeleg regnboge som bonus.

mandag 20. juli 2009

Skov og sø




Rett nok har ikkje Danmark same variasjonen i natur som i Noreg, men det er likevel nok av vakre og stemningsfulle fotomotiv også her.

søndag 19. juli 2009

Ferie!











For at det ikkje skal vera tvil om kor ferieturen går no i juli. Danmark er eit utruleg vakkert land!

Lunch - i Noreg og Danmark




Me er på ferie i Danmark. På veg mot Larvik hadde me ein enkel lunsch. Det same hadde me i dag i Aabenraa. say no more!

torsdag 16. juli 2009

Balkanfest







Helga 28. - 30. august vert det stor stemning og høg temperatur på Evanger. Fjorårets suksess med å arrangera Balkanfestival, vert gjentatt. Det vert mat og musikk frå Noreg og Balkan, dans, god stemning og truleg mykje folk. Dei som fekk med seg fjorårets festival, var fulle av lovord. Det vert ikkje dårlegare i år! Eine biletet er frå i fjor, der Boban i Marko Markovic Orkestar har ein fantastisk gateparade.




tirsdag 14. juli 2009

Fjellgardar


Når ein står på fjellgarden Nakka, har ein god utsikt til fjelgardar på andre sida av Evangervatnet. Her ser ein Bergstad lengst til høgre. Midt i biletet ser ein Bjørgo, og viss ein ser på biletet i stort format, kan ein skimta Rørgo til venstre. Under Bergstad, nær vatnet, ligg husmannsplassen Bergstadflåten. Kjenes er ikkje med på biletet, men ligg ved vatnet til høgre for biletkanten. I dag er det ikkje fastbuande på desse gardane.

søndag 12. juli 2009

Nakka







På denne bloggen er garden Nakka tidlegare vist fram slik han tek seg ut frå andre sida av dalføret. I dag har me vore opp til garden. Det er ein utruleg fin plass. Hesjestauren er ikkje i bruk lenger, men tek seg godt ut på veggen. Steinmuren vart bygd av svenske rallarar seint på 1800-talet.

fredag 10. juli 2009

Vanskeleg val?




Når ein har valet mellom å skrapa og måla eit felt på huset med to fargar og masse detaljar, eller dra på padletur i eit spegelblankt Evangervatn, er det godt å vera lik Ole Brum og seia: Ja takk, begge deler! Dermed vart det først eit par timar på veggen, deretter ein flott og roleg tur på vatnet. Når me i tillegg ventar besøk og planlegg god mat og vin, vert dette ein perfekt ettermiddag.

torsdag 9. juli 2009

Industrihistorie







Dale fabrikker har sidan 1879 vore ei hjørnesteinsbedrift på Dale, og også i norsk tekstilindustri.
På det meste jobba det 1200 menneske her, og det vart produsert garn, strikkevarer, ulike tekstilar og arbeidstøy. Etter kvart vart fabrikken delt opp i ulike avdleingar. Daletec, som har produsert flammehemmande arbeidstøy, har no flytta all produksjon til Pakistan. Dale of Norway som produserer strikkevarer, har framleis nokre arbeidsplassar. Som bileta viser, er store delar av bygningsmassen prega av at store deler av industrien no er historie.

Til Trollkåno


Her er maleriet "rett på". Stileg, ikkje sant?

Måling på ulike plan











Kva gjer studenten når den nye hybelen er katastrofalt stygg, med avflassa veggar og heslige fargar? Jau, ho inviteterer mor og far på dugnad. Far målar veggar, og mor lagar maleri. Resultatet vert at kvaliteten på rommet hevar seg mange hakk.

tirsdag 7. juli 2009

Klagesensur


Så er det grunnen til at eg er i Molde. Ca 600 elevar har klaga på karakteren i norsk sidemål. Nokon må gi ny vurdering, og 30 lærarar tek pause frå ferien for å akseptera eller avvisa klagene. Her er Silje og Per Geir i djup konsentrasjon over dei litterære verka.

Meir Molde


Solglitter, Sunnmørsalpane (eller er det Romsdalsfjella?) og Colin Archer. Dette er berre eit fint syn.

søndag 5. juli 2009

Molde




Molde er ein flott by! Elevar som klagar på karakteren i norsk sidemål, har gitt meg sjansen til ein jobbetur midt i ferien. Motiva er ikkje originale, hotellet "Seilet" og hurtigruta "Lofoten" viser i alle fall at eg har vore her.

lørdag 4. juli 2009

"Barna"







Eg er far til ein son og to døtre. Eg er såpass stolt av dei at det er kjekt å bruka dei som fotomotiv. At Maria vil ha seg og fjernsynstårnet i Berlin med på same biletet, skapar visse utfordringar, men det let seg løysa.

fredag 3. juli 2009

Nok ein dag i Berlin







Kate Køllvitzstrasse, Berlinerdommen med heisekranar og ein Berliner Mann und Katz som nyt morgensola. Det er alltid nok av motiv i denne byen.