tirsdag 27. april 2010

Indre strøk




Sola går ned innerst i Bolstadfjorden. Ikkje som ved havet, men ganske idyllisk likevel. Dette er forresten eit resultat av årets første sykkeltur.

søndag 25. april 2010

Stord - båtliv







Frå snø heime til båtliv på Stord. Sjølv om temperaturen ikkje er langt over frysepunktet, skin sola og årets første båttur er ein realitet. Utruleg kjekt! Fyrøya ligg idyllisk til. Det same gjer Halsnøy med Kvinnheradfjella som bakgrunn. Det vert nok sommar i år også.

fredag 23. april 2010

Utsikt frå kjøkkenvindauga


Er det eigentleg denne utsikta ein ønskjer 23. april? Nei! Utsegnet i forrige innlegg om at det var siste vinterprega bileta for denne gongen, er med dette gjort til skamme.

mandag 19. april 2010

Kveld




Som så ofte før vart det ein stopp ved Evangervatnet på veg heim frå møte på Voss. Isen på vatnet er framleis ikkje heilt borte, men no er det like før. Ser fram til padleturar i kveldssol, så dette er siste vinterprega biletet frå denne staden, trur eg.

søndag 18. april 2010

Vakkert? 3




Snødekte vidder på Vikafjelet er ein ting. Det kan nytast i fulle drag. Når ein er heime og ser ut vindauga 18. april og ser dette, er det ei heilt anna sak. Dette kunne me godt klart oss utan.

lørdag 17. april 2010

Vakkert? 2







Kva skjer når ein gjeng godt vaksne menn seint ein kveld finn ein rockering? Sjølvsagt vert det konkurranse om kven som er best i denne aktiviteten. Frode ( i midten) var suveren. Men vakkert? Nei!!

Vakkert?


Det er vel eigentleg berre å slå fast ein gong for alle: Kraftlinjer pyntar ikkje opp landskapet.

onsdag 14. april 2010

Vinteren er ikkje over











I alle fall ikkje på Vikafjellet. Voss ungdomsskule har hatt ein suveren skidag, med sol, godt skiføre og positive elevar. Kan det verta betre?

søndag 11. april 2010

Kjelstraumen




Dette er ein reklamefri blogg, men i dag vert eit unnatak. Ein tur innom Kjelstraumen vertshus i Austerheim, var ei udelt positiv oppleving. Her er historisk sus og god mat. Ikkje reis forbi, legg heller inn ein omveg slik at du kan besøka denne spanande staden.

lørdag 10. april 2010

Sognafjorden







Det er berre å innsjå at Sognafjorden er mektigare enn Bolstadfjorden. Morgonskodda er tett, Eine biletet viser ( så vidt) ferja frå Vangsnes leggja til kai ved Hella. Alle tre bileta er tekne frå Balestrand.

tirsdag 6. april 2010

Bolstadfjorden


Dette biletet er teke ca 20.30, altså 12 - 13 t etter soloppgangsbiletet. Bolstadfjorden vert her vist frå ein uvanleg vinkel. Dei lokalkjende vil kunna sjå kvar eg stod då eg tok biletet.

Soloppgang




Første påskedag stod sola opp kl 07.50. Granskogen i Åsen hindrar sola å sleppa til med ein gong, men det er til å halda ut.

mandag 5. april 2010

Liten hund - stort bein


Kanskje i overkant stort bein for Baltus, men når ein har refleksvest, er ein så tøff at det meste går an.

fredag 2. april 2010

Nora Elise og bestefar







Eg er utruleg stolt over det flotte barnebarnet, så eg MÅ ha med bilete av ho og meg. Derfor slepper eg for ein gongs skuld til ein gjestefotograf, nemleg eldstejenta Solveig. Som takk får også ho, tante Solveig, vera med på fotoseansen.

Myrkdalen, Langfredag




Første dagen med slalomski dette året. Vind, masse våt snø og dårleg sikt gjorde at tilhøva langt frå var perfekte. Men kjekt hadde me det, sjølv om Maria ser litt skeptisk ut.