tirsdag 30. juni 2009

Ich bin ein Berliner.




Nei, eg er nok ikkje det, men no er eg i alle fall i byen, og det er kjekt. Berlin er ein flott by, med mange mogelegheiter. Maria som studerer her, lovprisar byen. Ho er ein glimrande guide for oss som er her for andre gong. Fotomotiva er mange. Denne gongen er det mor og dotter, fjernsynstårnet og ein tilfeldig husfasade som vert vist fram.

søndag 28. juni 2009

Kajakk







Første, famlande forsøk med ny (dvs gammal og brukt) kajakk. Det kan verta mange, fine turar på Evangervatnet.

fredag 26. juni 2009

Ein fin dag







Sol, markjordbær og NYTT KAMERA!! Nikon d90 har avløyst den gamle d70. Utruleg kjekt å prøva ut eit nytt kamera. Dette verkar lovande!

Båtliv







Ein båt kan vera så mangt- Her er tre generasjonar samla i Bergen: Statsraad Lehmkuhl, Bruvik og "A". Kven er finast?

torsdag 25. juni 2009

Årets første bad







Måtte berre få sagt det! Temperaturen er OK, staden er Fossmark.

onsdag 24. juni 2009

Meir frå Kinn




Vert liksom ikkje ferdig med turen til Kinn. Dette er eit par glimt frå kaien der rutebåten legg til.

tirsdag 23. juni 2009

Å bomma med eksponeringstida







Kva gjer ein når det er sterkt motlys og motivet vert for mørkt? Jau, ein korrigerer og legg på eit par blendarsteg. Kva gjer ein når lyset vert normalt? Gløymer å stilla tilbake til normal eksponering. Irriterande, men desse motiva frå Kinnakloven vart trass alt litt spesielle pga denne tabben.

mandag 22. juni 2009

Battalden og Kinnakloven







Dette skal visst nok frå gammalt av vera dei to mest kjende seglingsmerka langs kysten av Floralandet. For oss landkrabbar er det imponerande landskapsformasjonar, kvar på sin måte.

torsdag 18. juni 2009

Liten idyll


Sæbøvik er "landsbyen" på Halsnøy. Landsbyen er stort sett ei gate med fleire koselege butikkar. Stig ein ut av gata, finn ein idyllar som dette. Ein sommartur innom Sæbøvik bør vera obligatorisk for alle som oppheld seg i Sunnhordland.

Kveld




Solnedgang er eit harry motiv, men når ein er på Halsnøy, vert ein så gripen av stemninga at det er vanskeleg å lata kameraet ligga. Eine motivet er utsikt mot Kattanakken på Stord, det andre er ferja på veg til Halsnøy

onsdag 17. juni 2009

Meir stein







Einar tek stadig bilete av steinar! Denne gongen er me på Halsnøy. Ei vandring langs svaberga syner at det er enorme krefter i sving i bølgjene. Desse steinane har truleg hamna her ved hjelp av bølgjekraft.

mandag 8. juni 2009

Storesteinen




Dette motivet finn du mellom Dale og Helle viss du køyrer på motsett side av elva i høve til E 16.
Tidlegare (fram mot slutten av 1970-talet) gjekk all trafikk mellom Voss og Bergen her. Då var dette den mest fotograferte steinen i distriktet. Som regel var steinen støtta opp av ein tynn pinne. Det er på tide å gje Storesteinen litt publisitet igjen!

søndag 7. juni 2009

Syrin


Lukta av syrin i juni er eit "must". Trur det har vore eitt eller fleire tre i nærleiken alle dei stadane eg har budd.

Kveld


Sola kastar siste strålane mot huset vårt, skuggane vert mange og lange. Dette er ei fin årstid.

lørdag 6. juni 2009

Cowboy i solnedgang


Stetsonhatt og Barcelonadrakt er ein uslåeleg kombinasjon!!!

mandag 1. juni 2009

Nakka


Fjellgarden Nakka ligg høgt og fritt på sørsida av Evangervatnet. Frå Storvik ved E 16 er det 20 - 30 minutt å gå i bratt terreng. Fram til 1970-talet var garden i drift. Når du kjem opp til Nakka, vert du truleg overraska over kor stor garden er. I tillegg bør du verta imponert over utsikta.