onsdag 31. desember 2008

Takk for det gamle




Siste innlegget på bloggen i 2008 er to bilete som viser at det framleis kan vera skikkeleg vinter på Vestlandet

tirsdag 30. desember 2008

Bru







Denne brua er fullt brukbar, trur eg. Visst eg tek feil, er det ganske høgt ned!

mandag 29. desember 2008

Is







Frost og rennande vatn kan laga fine mønster. Bileta er frå ulike deler av elva i Øvstedalen.

Sommarfjøs om vinteren




Det er lenge siden sommaren, og veldig lenge sidan siste sommaren sidan det var kyr på båsane her. Fjøset, eller floren, ligg eit stykke frå innmarka, og kyrne vart sett inn for mjølking morgon og kveld. No er huset berre eit minnesmerke om andre tider.

søndag 28. desember 2008

Variant av isrose


Denne blomen held ut, trass snø og mange kuldegrader.

lørdag 27. desember 2008

Øvstedalen




Ein luftetur i Øvstedalen byr på mange fine motiv. Det er tredje juledag, fint ver med sola som så vidt tittar over horisonten.

fredag 26. desember 2008

Storestigen




Fram til slutten av 1980-talet, var gardane Rørgo, Bjørgo og Geilen utan bilveg. Vegn dei brukte, gjekk mellom anna forbi Storstigen. Vegen der er hogd som trappetrinn inn i fjellveggen. Imponerande!

onsdag 24. desember 2008

God jul


God jul til alle som er innom bloggen. bletet viser tidleg julekveld over Sørfjorden.

tirsdag 23. desember 2008

Julefred


Ikkje alle tek førjulsmaset like høgtideleg.

mandag 22. desember 2008

SNØ!!


Det er snø, i alle fall viss du kjem høgt nok opp. Eg vil ha julesnø også i låglandet! Men det er vel like lite å gjera med det som det er med høgspentmasta midt på biletet.

søndag 21. desember 2008

Peparkakehuset


Ute er det regn og vind. Det er svært lite freistande å gå ut. Då er det godt at jentene i huset har vore så pass kreative at ein finn eit motiv inne.

lørdag 20. desember 2008

Bolstadfjorden




For dei som ikkje veit det: Voss har sjølinje. Bolstad er det maritime alibiet til Voss kommune. Det er ikkje mykje julestemning, sjølv om kalenderen viser 20. des, men nausta ved Bolstadfjorden er fine, uansett.

Tange

fredag 19. desember 2008

Julegrana på Bolstad



Det er berre å slå det fast ein gong for alle: Julegrana på Bolstad er den flottaste i landet, truleg i heile verda. Med sine 35 m, er ho eit vakkert landemerke frå tredje søndag i advent til 6. januar. Den spesielle effekten på eine biletet kom heilt utilsikta: Eg flytta stativet før eksponeringa var ferdig. Lukkartida er 10 sek

tirsdag 16. desember 2008

Vosso



Elva Vosso har enkelte friske stryk, noko du kan sjå på eldre innlegg i denne bloggen. Starten, ved Liland, er derimot svært så roleg.

mandag 15. desember 2008

Vangen


Slike oversiktsbilete vert vanlegvis tekne når det er sol og fint ver. Slik ser det altså ut på Voss ein standard vinterdag

søndag 14. desember 2008

Juletrehogst



Så er juletrea henta. Dette er fast tradisjon tredje søndag i advent

Vinter i Prestegardsmoen




Manglar ein fotomotiv, er det berre å gå ein tur i Prestegardsmoen. Her har vinterens første snø lagt seg på trea, og freden senkar seg over ein turgåar.

lørdag 13. desember 2008

Advent



Stjerne i vindauga og ljos på trea, då er det julestemning på Horvei

fredag 12. desember 2008

Bulken



Det er ikkje ofte eg stoppar på Bulken, men det kan vera lurt å ta seg tid til det av og til, særleg når sol og måne byter vakt.

torsdag 11. desember 2008

Skomakergata?


Nei, men Knute Nelsongata på Evanger er til forveksling lik.

Voss med Hondalsnuten



Ein kald og strålande fin ettermiddag der sola sender dei siste strålane på Hondalsnuten, samtidig som månen gjer så godt han kan for å halda kveldsmørkret på avstand.

onsdag 10. desember 2008

Nokon betre?


Så fort kan det snu. I kveld er det berre idyll. Tenk om vinteren kunne fortsetta slik!

mandag 8. desember 2008

Nokon verre?


Utsikt frå kontorvindauga ein nitrist måndag. Det må tilføyast at over vegar, bakkar, ja, absulutt alt, ligg det eit tynt lag med våt is

torsdag 4. desember 2008

Evanger-stemning



Ein fredeleg kveld på Evanger. I grunnen så er alle kveldar på Evanger fredlege.

onsdag 3. desember 2008

Skorve kl 16.00


I overgangen mellom dag og kveld, eller rettare sagt dagslys og mørke, vert det danna fine fargar, slik som her på Skorve ved E16

tirsdag 2. desember 2008

Morgon i Moen




Eg har tidlegare vist fleire morgonbilete frå Vossevangen sett få vest. I dag vert det bilete av Vangen fotografert frå Prestegardsmoen, altså andre sida.