søndag 30. november 2008

Styveshorgi



Snøen ligg fint viss me bevegar oss litt over oppover i terrenget. Styveshorgi kan bruka.st som ein indikator på snøgrensa

lørdag 29. november 2008

Fyr opp grillen



Ei varmegrad og sludd er ikkje det som innbyr til grilling. Men ein stor grill kan brukast til så mykje, mellom anna til bålbrenning etter ei loftsrydding.

tirsdag 25. november 2008

08.00


OK, eg veit eg har brukt dette motivet fleire gonger. Uansett, slik såg Vangen ut kl 08.00, tysdag 25.11.08

mandag 24. november 2008

Mannheller


Stemning frå ferjekaien på Mannheller . Det er ettermiddag, og eit tynt islag har lagt seg på fjorden

lørdag 22. november 2008

Ute bra, inne best



Det er fint med snø og kulde, særleg når ein kan sitje inne i varmen frå ein god vedomn. Vil katten ut? NEI!

Snørydding


Når det kjem snø, mæ nokon ta ansvar og rydda opp i kaoset

fredag 21. november 2008

Og så vinter igjen



Skikkeleg tett snøver kombinert med blitz, kan gje nokre merkelege effektar-

onsdag 19. november 2008

Frå vinter til haust på nokre timar



På veg til jobb snøa det. På veg heim var det slik bileta viser, regn og vind , ja det var rett og slett ufyseleg. Motivet har vore på bloggen før, dette er Voss sett frå Kvåle. kanskje det er heilt anleis i morgon?

mandag 17. november 2008

Meir vinter


Vinteren er så fin at eg legg ut nok eit bilete frå Brekke i Bergsdalen

søndag 16. november 2008

Vinter!!




Så vart det altså vinter, i alle fall i Bergsdalen. Me var på ein improvisert hyttetur og vakna opp til skikkeleg julekortstemning. Kanskje det vil halde seg slik ei stund?

fredag 14. november 2008

Snart vinter?



Løypene i Bavallen ligg der utan snø, men sjå der kjem ei skikkeleg snøbyge inn over Lønahorgi. Det er håp!!!

søndag 9. november 2008

Høgt heng dei



men dei er sikkert ikkje sure!!

onsdag 5. november 2008

Voss vaknar




Ein kald haustmorgon, det vert dag, og Vossevangen stig fram or skodde og frostrøyk. Eit vakkert syn

mandag 3. november 2008

Trondheim




Når eg for første gong har vore i Trondheim, må eg visa dette fotografisk, sjølv om bileta ikkje er av dei beste, og originaliteten i alle fall ikkje er framtredande. Uansett, Trondheim er ein alle tiders koseleg by!