fredag 30. juli 2010

raud båt, raudt båthus




Det fine med å stå så høgt og fritt som på Osterøybrua, er at ein både kan få den store oversikta og dei små detaljane.

torsdag 29. juli 2010

Sykkeltur til Bruvik







Å sykla til Bruvik på Osterøy er ei flott oppleving. Flate vegar, lite trafikk og fin natur gjer dette til ei rute som passar dei fleste. Me starta på Trengereid, noko som gav ein tur på fire mil tur/retur. Utsikta frå Osterøybrua er fantastisk.

søndag 25. juli 2010

Herfindalen







Herfindalen ligg 6 km frå Vaksdal sentrum. Ein smal og svingete veg fører opp til dei nedlagde bruka. Der vegen sluttar, er det fine stiar innover mot flotte fjellområde. Har sans for løa på eine biletet. Ei fin blanding av gamle murar og nyare bølgjeblekk.

fredag 23. juli 2010

Matprat


Endeleg sommar og sol! Då er det berre å fyra opp grillen og ta fantasien til hjelp. I kveld vart det grilla laks med dill, pakka inn i folie. Iskald rosevin er eit passande følgje. Legg merke til dei lange skuggane. Sola er i ferd med å seia takk for i dag.

tirsdag 20. juli 2010

Blågrå sommar




Greitt nok at regntunge sommarkveldar kan gje fine blåtonar, men eg er litt lei av dette. Eg er sikker på at 20 grader og kveldssol også kunne gitt mange fine fotomotiv!! Men slik er det ikkje.

Miss you




Etter å ha vore besteforeldre på heiltid ei veke, er det gått to dagar, og me lengtar alt veldig etter Casper og Nora.

mandag 19. juli 2010

Baltus kviler




Etter å hatt Baltus på besøk ei veke, har han avslørt enkelte vanar. Når nokon er ute eller bortreist, har han funne seg ein vaktposisjon i stovevindauga. Då kan han styrta ut straks den bortkomne viser seg. Når alle er inne og han har kontroll, kan han slappa av. I sofaen, sjølvsagt

søndag 18. juli 2010

Solbjørg











Dette er ikkje berre eit kvinnenamn, men også eit gardsnamn. Viss ein køyrer Bergsdalen og stoppar ved ferista midt mellom Lid og Berge, kan ein følgja ein traktorveg oppover lia. Høgt over dalen ligg denne fråflytta plassen. Her er to hus som er bygd saman, og det er mange fine murar etter andre gardshus. Frå Solbjørg kan ein gå gjennom skogen til Berge.

lørdag 17. juli 2010

Reprise (nesten)







Same motivet, same utsikta, same veret, men det er litt seinare på kvelden, ca 22.45. I går var bileta tekne om lag kl 21.30.

fredag 16. juli 2010

Sommaren 2010







Desse skyene seier vel eigentleg alt om sommaren så langt. Regnskyer med blå himmel og sol i bakgrunnen. Vekslande ver, ikkje heilt bra, ikkje heilt dårleg.

onsdag 14. juli 2010

Ny utsikt




Då kommunen fann ut at bakketoppen på Rongen skal vekk, førte det til at ein del skog måtte hoggast ned. Det førte igjen til at me fekk betre utsikt til elva. Dette er vel det ein kallar ein vinn vinn situasjon.

mandag 12. juli 2010

Øvstedalsvegen







Vegen til Øvstedalen er truleg den dårlegaste i Voss kommune. Sjekk for eksempel avstanden frå den opne bildøra og ned til vegbana. Honda Accord har ikkje spesielt stor bakkeklaring i utgangspunktet! Trassar ein vegen og kjem fram til Øvstedalen, ser ein at det er ei særs fin grend. I tillegg er det eit eit flott utgangspunkt for fjellturar, f. eks til Stordalen som er vist fleire stadar på denne bloggen,

lørdag 10. juli 2010

Voss


Vossevangen sett frå ein ny vinkel, i alle fall for meg. Dette er sett frå vestsida av Bordalen, på vegen mot Rio. 8 (for dei som ikkje er lokalkjente: Rio her har trykk på i, ikkje på r som i Rio de Janairo)

torsdag 8. juli 2010

Bordalsgjelet




Parker ved brua ved Vanngjolo og følg stien, eller ved Gjernes skule og følg skogsvegen. Då kjem du til botnen av Bordalsgjelet. Det er eit imponerande flott naturfenomen, og det er lagt godt til rette for fotografar og andre interesserte.

tirsdag 6. juli 2010

PC utan skjerm?


Eg hugsar enno første gongen eg fekk prøva skrivemaskina til bestefaren min. Det var utruleg spanande. Så kom den elektriske skrivemaskina før alle vart hekta på data. Ingen let seg lenger imponera av ein ny pc. Men viss ein derimot finn fram ei gammal, elektrisk skrivemaskin, vert skrivegleda stor. Rart å tenkja på at denne karen er oppvaksen med pc, men ikkje har prøvd skrivemaskin tidlegare.

mandag 5. juli 2010

Kveldstur







Halvmørkt, regn i lufta, kort sagt ein under middels julikveld,men det går an å få brukbare bilete likevel.

lørdag 3. juli 2010

Vestlandet i regn




Av og til er veret så surt at ein kvir seg for å gå ut av bilen. Kva gjer ein då? tek bilete ut gjennom frontruta sjølvsagt. Motivet er forresten Bøyabreen i Fjærland.

fredag 2. juli 2010

Sunnmøre




På bloggen er det etter kvart ein del bilete av fjell og fjellområde i Voss. For å gjera det klart at eg innser at det også er fine fjell andre stadar i landet, kjem det her fjellbilete frå Sunnmøre. Desse alpine toppane er fantastiske.

torsdag 1. juli 2010

Vervarsel




Eller rettare sagt verrepport, sidan desse bileta vart tekne tysdag. Det er på Sognefjorden, mellom Oppedal og Lavik. På eine biletet ser ein vestover der regnet er på veg inn. Når ein bevegar seg over på andre sida av ferja, er det vesentleg lettare ver. Men no er det sol!

Volda


Om ikkje akkurat Volda. så er det utsikt frå Volda. Klokka nærmar seg 23, og sola går ned, men ikkje før ho har farga dette fjellet raudt.