torsdag 31. desember 2009

Ulfsnesøy


Ulfsnesøy er ein del av Bergen fengsel, men likevel er det ei idyllisk øy, både om sommaren og som her, ein sprengkald vinterkveld med fullmåne.

onsdag 30. desember 2009

Jolabukkar




Her i distriktet er det vanleg å gå jolabukk i romjula. Desse koselege skapningane hadde med kjelke, men i -15 grader er føret heller trått.

tirsdag 29. desember 2009

Fullmåne og kulde




Slik ser det ut på Horvei ein vinterkveld med fulmåne, i alle fall er det slik i kveld.

Første skituren




Første tur med ski på beina denne sesongen. Skogen viste seg frå si beste side , men snøen var djup og laus, slik at sveitten spratt fram ganske så raskt.

mandag 28. desember 2009

Snø på Haugen




Kan ikkje for det, men eg syns faktisk at huset vårt kler litt snø på taket. Den svarte fargen på veggane står kanskje i overkant kraftig kontrast til snøen, men likevel...

søndag 27. desember 2009

Vinterføre







Det er ikkje ofte ein opplever E16 slik som dette. Skikkeleg gammeldags snøføre er ikkje så verst å køyra på. Bileta er frå Bolstadøyri¨klokka ni om morgonen. Lenger mot vest gjekk det over til is og slaps . Det er ikkje så kjekt.

lørdag 26. desember 2009

Bryggja I Ståi.







I gamle dagar var denne bryggja ved Evangervatnet viktig for vare- og persontransporten mellom Bergen og Voss. Bryggja er godt bevart, det er framleis solide trappetrinn ned til vatnet. Men trafikk er det ikkje lenger. Berre ein rev eller to har teke seg ein spasertur i løpet av natta.

fredag 25. desember 2009

1. juledag







Denne dagen skal vera prega av fred og ro, men ein spasertur skadar ikkje. Denne turen gjekk langs Geitåni. Vinteren har festa eit godt grep.

torsdag 24. desember 2009

Ikkje i bruk.







Det er julaftan, og huset er fylt av det som har stått på loftet nesten eitt år. Då er det greitt å slå fast at det er visse ting som vert sett på vent no på denne tida. T.d. har hagebordet, grillen og baktrappa fått ein lengre vinterpause. God jul til deg som er innom bloggen min.

onsdag 23. desember 2009

Trea er pynta!




Veslejulaftan skal trea pynast. Hjå oss er det to tre, eit stort i rotstova og eitt mindre på kjøkkenet No har julefreden senka seg .

mandag 21. desember 2009

Maritime Bolstad







Det maritime miljøet på Bolstad er ikkje stort og heller ikkje særleg glamourøst, i alle fall ikkje om vinteren. Men det er einaste staden ein finn sjølinje i Voss kommune, berre så det er sagt.

søndag 20. desember 2009

Meir snø




Då eg var barn, var det alltid spanande å stå på stasjonen når Oslotoget for forbi om vinteren når det var snø i sporet. Og då var det snø!! Når det endeleg kjem ein dag med snø a la 60-talet, må sjølvsagt Oslotoget sjekkast ut på ny. Syns kanskje det spruta meir snø av toget før, men det er ikkje så verst dette heller.

lørdag 19. desember 2009

Stemning med snø







For ei tid sidan la eg inn bilete av ein tuja pynta med raude hjerte. Sidan den tid er det kome på lys, og i natt ordna naturen resten. Det er snart jul!

fredag 18. desember 2009

Raundalselva


Nesten 20 minusgrader gjer at vinteren festar taket. Elva frys til, men sola slepp i alle fall til på Horndalsnuten.

onsdag 16. desember 2009

Kulde







Litt snø er betre enn ingen snø. Når det i tillegg er ti minusgrader, frostrøyk og begynnande is på Vangsvatnet,er all tvil fjerna: Det vert vinter i år også!

tirsdag 15. desember 2009

Endeleg snø!!







Første snøen skapar alltid stemning, sjølv om det berre er snakk om nokre få cm. Ein tur i Prestegardsaleen er fin avkobling, i alle fall når det er kaldt og nesten klårver.

søndag 13. desember 2009

Største julegrana i landet.




Julegrana på Bolstad vert tent tredje sundag i advent kvart år. Kva meir er å seia om det? Ikkje anna enn at ingen andre matchar denne grana.

lørdag 12. desember 2009

Typisk desember






Viss det er noko som er typisk for Voss i november og desember, er det skodde. I dag er ikkje verste dagen, det går i alle fall an å ta bilete. Men skodda er der!

mandag 7. desember 2009

Hjerte og stjerner







Det er på tide å hjelpa naturen litt for å få ekstra adventstemning, i alle fall i nærområdet. Det som er høgare oppe, klarer seg seg sjølv.

søndag 6. desember 2009

Litt reklame







Skal du vera sikker på å koma i julestemning, stoppar du på Evanger og stikk innom Patina-butikken. Der finn du brukt og nytt i ei herleg blanding. Huset er gammalt, damene som driv butikken, er relativt unge og stemninga er god, altså ein perfekt stad .

tirsdag 1. desember 2009

Fullmåne




Kveldsstemning frå Hjørnevik, like ved E 16. Det er ei god kjensle å oppleva at desember startar med passeleg kulde og opphaldsver.