tirsdag 31. august 2010

Siste sommarbileta







Når det er berre 2 timar att av siste sommarmånaden, er det på tide å sikra seg dei siste bileta av dei hageblomane som enno ikkje har gitt opp. Eg er ingen ekspert på området, so eg let dei stå utan norske og latinske namn

mandag 30. august 2010

Fest for alle











Balkanfest er for alle. Badnabalkan for dei yngste, workshop for litt eldre musikarar og serbisk folkedans for dei som er enno eldre. Aldri meir enn eit middels steinkast mellom aktivitetane!

søndag 29. august 2010

balkanfest 2010
















Denne helga har det vore Balkanfest på Evanger. Det er FEST! Fengjande musikk, god mat og drikke og mange glade menneske. I dag vert det berre nokre glimt. Meir vil koma. Bileta, nedanfrå og opp: Rakija, Bengalo, Srdjan Azirvic orkestar og ikkje minst festivalsjef Jørn Styve

onsdag 25. august 2010

Lengtar




Når det er travle dagar på jobb, regnet plaskar ned og ettermiddagane er for korte, må det vera lov å mimra om Stordalshelga for snart to veker sidan

lørdag 21. august 2010

Geilatjørni


Ein kveldstur til Geilane kan by på fine stemningar. Ca to sek. lukkartid.

fredag 20. august 2010

Sjølvutløysar



Når det gjeld bruk av sjølvutløysar til gruppebilete, er det i grunnen ein regel som er viktigare enn andre: Berekn kva tid du har til disposisjon!

torsdag 19. august 2010

Pljeskavica











27. - 29. august er det Balkanfest på Evanger. Det er eit must å få med seg denne. musikk og mat frå Balkan er fest!. I kveld var det dugnad på å laga til pljeskavica, ein serbisk variant av hamburger. Etter å ha ete det, vil alle andre former for hamburger verta ein nedtur. Hundre kilo kjøttdeig frå eit lokalt slakteri vart gjort om til 500 svære emne som skal grillast på Balkanfesten. Velkommen!!

mandag 16. august 2010

Optimal kveldsstemning




Her er ikkje mykje bråk. Einaste lyden er bålet som sprakar og ein forvirra sau som ikkje har fått med seg at det er leggetid. Den som ikkje finn roen her, har eit alvorleg problem.

søndag 15. august 2010

"Som dugg for solen"







Om hausten er det mykje dogg i graset om morgonen. Når dagen så startar med sol og varme, må doggen vekk. Det skjer ikkje utan at det visar att. Desse fine stemningane vart fanga på Stordalen i nitida i dag tidleg

Buss-stopp


Den som ventar på bussen her, må nok venta lenge. Ein eller annan har plassert skiltet i enden av ein traktorveg der det aldri har vore, eller vil koma, buss. Nokon som saknar skiltet sitt?

fredag 13. august 2010

Øykholmane







Vårstølen til bruka i Øvstedalen er som regele startpunktet for turane til Stordalen. Då er det lett å gløyma at også dette er ein idyllisk og vakker støl.

torsdag 12. august 2010

Fjern og nær




Nukjen gir som før nemnt ei fantastisk utsikt. Ein ser Stordalen, Raustølen , Øykholmane og Kringsdalen ( ikkje med på dette biletet) Alle elvane kjem tydeleg fram, likeeins Tjørnelitjørna.


Men det er også fine detaljar slik som denne bjørnemosen.

onsdag 11. august 2010

Til fjells



Frå sjø til fjell på kort tid. Etter late og fine dagar ved Kragerø, bar det rett til fjells. Ikkje berre til Stordalen, men ungdommane ville vidare til Nukjen (1067 moh). Det vart ein fantastisk fin tur. Utsikta er upåklageleg. Stølen er fotografert med 200mm brennvidde.

Kragerø, strandliv




De trengs eit par bilete for å visa at Kragerøområdet vart utnytta også på dagtid. badetemperaturen var brukbar, og det var nesten ikkje brennmaneter.

tirsdag 10. august 2010

Kveldsstemning, Kragerø




Eit rimeleg stort sprang geografisk, og det er ikkje til å koma forbi at Kragerø og omegn har kvalitetar ein slit med å finna i Voss og omegn,

tirsdag 3. august 2010

Litt meir frå Evangervatnet




I dag var første gongen eg tok sjansen på å ha fotoapparatet med i kajakken. Det gjekk greitt, hadde eg gått rundt, hadde nok kameraet vore fortapt. Som ein ser på bileta, var det heilt stille på vatnet, så risikoen var ikkje stor

Padletur




Å bruka kajakk på Evangervatnet kan anbefalast som medisin for kropp og sjel