lørdag 20. august 2011

Split - Gamlebyen





Å gå bak dei gamle bymurane i Split er som å stiga mange hundre år attende i tida, dersom ein ser bort frå butikkane på gateplan. Denne bydelen er frå år 200 - 300 . Bortsett frå turisttrafikken, fungerer bydelen som eit område der vanlege folk bur, handlar og møtest. Ein spanande miks mellom gammalt og nytt,

fredag 19. august 2011

Båtar på Adriaterhavet



Ferien i Split var ikkje prega av heftig båttrafikk på Adriaterhavet, men det hendte at båtar i ulike storleikar passerte synsfeltet. Og båtar er stort sett alltid fint å sjå på.

torsdag 18. august 2011

Ferieminne 3


Veit ikkje kvifor, men eg syns denne fjøra som ligg og flyt i sjøen har noko fredleg over seg.

onsdag 17. august 2011

Ferieminne 2




Syden, repr. ved Kroatia, er vakkert og idyllisk. Noreg, repr. ved Kragerøområdet, er ikkje så verst det heller. Me hadde i alle fall nokre fantastiske dagar der før me drog sørover.

mandag 15. august 2011

Idyll





Kvart pensjonar har si eiga badestrand, er det rart at eg slappar av? det eine biletet er altså eit sjølvportrett.

Ferieminne 1




Det har vore ein lengre pause på denne sida. Grunnen er ferie, utan pc. Ingen dum ide! Kragerø og Kroatia ligg langt få kvarandre geografisk, men bading, sol og late dagar er like herleg over alt. I dagane framover skal eg legga ut nokre av ferieopplevingane. Eg startar med utsikt frå hotellrommet i Split ( Podstrana for dei som er lokalkjente) i Kroatia.