fredag 29. april 2011

Vikafjellet




Grei dag på jobb. Skidagen på Vikafjellet er ein av skuledagane mange ser fram til. Når det er strålande sol, fint skiføre og ikkje eit vindpust, er det vanskeleg å ikkje vera strålande fornøgd med livet. Likevel, dette er nok punktum for årets skisesong.

torsdag 28. april 2011

Månelandskap



Eigentleg skulle eg hatt bilete av Øvstedalselva i fleire stadium. I vinter var det vakkert med blanding av is og snø. Så vart det plutseleg flaum, og det låg vatn og is over alt . Det var både spennande og skremmande. Så kom våren, og alt vart berre svart og grått og lite fint. DÅ hadde eg med kamerA.

onsdag 27. april 2011

Fonnes. Kveld



Solnedgangen kan gje fine fargar, sjølv om ein ikkje får med havoverflata. Det rosa kveldsljoset er vakkert også inne på land.

mandag 25. april 2011

Krabbefiske




Utstyrt med bøtte og hov er Casper og tante Maria i full gang med å fanga krabbe. Det vart mager fangst, kanskje er det i tidlegaste laget? Det ser forresten ut som om Maria tek ordet krabbefiske litt for bokstavleg.

søndag 24. april 2011

Fonnes - Solnedgang





Ja, eg veit at solnedgangsbilete er harry, eg veit at det er billege effektar. Eg veit til og med at dette er lite originale motiv. Likevel, å stå på ein haug på Fonnes i Austrheim og sjå sola siga ned mot horisonten, gjer noko med deg. Det er rett og slett vakkert.

fredag 22. april 2011

Heime igjen


Rett nok har eg vore heime ei stund, men det var så mange Svalbardbilete å visa fram. Det er ikkje så verst å vera saman med ei særdeles stolt bestemor heller.

torsdag 21. april 2011

Svalbard. Gymtime.




Som gymlærar stoppa eg sjølvsagt opp då eg møtte ein skuleklasse på ski. Ein ting er sikkert: Lærarane på Voss er langt dårlegare utstyrt enn i Longyearbyen! Skulen er flott, med idrettshall og symjebasseng. Eg var klar for å søkja jobb der straks, men May ville faktisk ha eit ord med i laget der også. Det er nok fleire grunnar til det: 1. Ho er fornuftig. 2. Ho har ingen draum om å kjøpa snøscooter. 3. Ho syns det er greitt å jobba på Evanger og bu på Horvei. -Jaja.-

onsdag 20. april 2011

Svalbard. Barentsburg




Den russiske gruvebyen Barentsburg er ein heller stusleg plass. Ca 350 menneske bur her, dei fleste jobbar med gruvedrift. Bortsett frå idrettshallen, var det stort sett dårleg vedlikehaldne bygningar. Nye bustadblokker var sett opp, dermed slutta alt vedlikehald av det som ikkje lenger var i bruk.

tirsdag 19. april 2011

Svalbard. Snøscootersafari.




På Svalbard er det ca 2000 fastbuande og 4000 snøscooterar. Litt av forklaringa er at det stor utleigeaktivitet til turistar. Det er rett og slett moro å susa over brear og gjennom dalar, Turen vår gjekk til Barentsburg og tilbake, til saman 13 mil. Eine biletet er frå fjellet ca 500 m over havet. Dei to andre er frå kanten av Isfjorden.

mandag 18. april 2011

Svalbard. Hundesledetur





Sjølv om eg hadde hund i 12 år, har eg aldri prøvd å sitja i ein hundeslede før . Ein organisert og guida tur i Bolterdalen fekk orden på dette. Seks ivrige hundar hadde ingen problem med å dra to vaksne karar. Det verka som om hundane hadde det like kjekt som oss.

Hunden som poserer i lag med Eva, guiden vår, vart likevel ikkje brukt i spann. Hunden veg 75 kg og et andre hundar til frukost om han får sjansen.

Svalbard. Gruvedrift




I dei fleste gruvene rundt Longyearbyen er det ikkje lenger utvinning av kol. Nesten all produksjonen føregår no i Svea, fire mil frå byen. Gruve 7 som ligg i Adventdalen like ved Longyearbyen er den einaste gruva som framleis er i drift i "sentrale" strøk.

søndag 17. april 2011

Svalbard. Fjell




Det er spesielle og flotte fjellformasjonar over alt på Svalbard. nederste biletet viser Operafjellet der eit russisk fly styrta for nokre år sidan.

tirsdag 12. april 2011

Svalbardnatt




Om ti dagar er det midnattsoø i Longyearbyen. Det betyr at det alt no er lyse netter. Berre eit par timar rundt midnatt er det litt mørkt. Då er det til gjengjeld svært stemningsfullt. At ein må ut midt på natta for å fanga dette, får heller våga seg.

mandag 11. april 2011

Svalbard







Er tilbake på fastlandet etter ei fantastisk langhelg på Svalbard. Opplevingar frå turen vil verta vist i dagane framover. Me startar i Longyearbyen og området rundt Nybyen der me budde. Gamle arbeiderbustadar er bygd om til losji for studenter og turistar. Ein triveleg plass å bu!!

søndag 3. april 2011

Bru på avvegar





Is + vatn = store krefter. Denne brua på Raudstølen har fungert i fleire år. Så kjem det ein vegg av is og vatn, og brua er på veg ut i det store intet. Solid dugnadsinnsats fekk dragarane på rett plass. Til våren vert det ny dugnad for å få på plass resten av treverket.