onsdag 9. mai 2012

Skjorereir med stil



I samband med Balkanfest på Evanger i fjor, vart brua over elva dekorert med raude hjerter. I år fann to skjorer ut at dette var ein perfekt stad for reirbygging. Truleg er dette landets mest stilige skjorereir.

søndag 26. februar 2012

Baking


Nora og Besto lagar bollar til ettrmiddagskaffien. Nora syns det er viktig å ha utstyret i orden.

torsdag 9. februar 2012

Bolstadøyri stasjon


Ventar på tog, og toget kjem. Presis!

onsdag 8. februar 2012

Snø!!!



Måtte ta turen til hytta for å sjekka snømengda på taket. Det var rikeleg med snø, så ein time med snøskuffa fekk fram sveitten. La inn nokre fotopausar for å rettta ryggen.

torsdag 26. januar 2012

Ski-NM på Voss


Stort å få oppleva ski-NM på eit flott anlegg. Sjølv om austavinden var heftig, var stemninga god og alt fungerte godt. 40-åringen Thomas Alsgaard imponerte stort med tredjeplass på 15 km. Therese Johaug vart nr 2 på 10 km. Grunnen til at eg har bilete av ho og ikkje vinnaren Astrid Uhrenholdt Jacobsen, er at eg var sikker på at Johaug kom til å vinna.

søndag 22. januar 2012

Bergensarane skal heim


Har vore inne på bt.no og lese at det har vore ca 3500 menneske i skiheisane på Voss i dag. Vidare at det står to mil bilkø frå Trengereid til Vaksdal. Eg er ikkje overraska. Har vore i Bavallen, og det var fantastisk fine tilhøve og mykje folk. Etter eg kom heim, kunne eg studera stort sett samanhengande rekker av bilar på E16

søndag 15. januar 2012

Årets første skitur


Omsider kom skia fram, og det vart ein fin tur frå Bjørgasaga til Storemyra for dei som er lokalkjende. Berre ein enisleg rev hadde vore ute før meg.

søndag 8. januar 2012

"Vinterhage"


Denne leveggen vart laga med tanke på å ha ein skjerma plass om sommaren. Syns han tek seg bra ut om vinteren også.