onsdag 30. september 2009

Tuntreet




Dette er eigentleg berre litt eksperimentering. Det øvste biletet er teke i dagslys , kl 17 , det andre klokka 22.15. Det er berre litt skin frå utelampen som hjelper til med å gje litt lys. Begge er behandla i curves.

tirsdag 29. september 2009

Glimt av sol




Endeleg eit lite opphald i alt regnet. Det gir oss tid til å sjå på store og små teikn på at no er det haust for alvor. Det er til og med fine fargar!

mandag 28. september 2009

Meir regn







No har det regna meir eller mindre samanhengande i tre månader. Eg er lei av stadig måtta passa på at kameraet ikkje vert vått. Eg er lei av regn-motiv! Kva med ein periode med fine haustfargar og ei sol som framleis har litt varme i seg? Eg er overtydd om at også trea langs Vosso kan gje sin tilslutnad til eit slikt ønskje.

søndag 27. september 2009

Regn!!







Når regnet er så tett at ein må sitja inne i bilen for å ta bilete, er det i overkant av det ein kan ta med godt humør. Det positive er at nye fossar kjem fram og kjende fossar som veks opp til nye høgder. her er Nåli, Drivo og Tysseelva.

torsdag 24. september 2009

Hafslo 2







Må berre visa eit par nye stemningar frå sykkelturen Hafsl- Veitastrond + eitt bilete frå Voss

tirsdag 22. september 2009

Fjelltur, 9. klasse











9.klasse er så heldige at dei får dra på telttur. Opphaldet på Jonstølen i Raundalen var vellukka, sjølv om ikkje det vart fisk. Sauene som kom på besøk var utruleg glade i chips med havsalt!

mandag 21. september 2009

Hafslo







Ein sykkeltur i Sogn kan anbefalast på det varmaste. Denne turen gjekk frå Hafslo i retning Veitastrond. Fin natur og lite trafikk gjer dette til ei perfekt sykkelrute.

fredag 18. september 2009

Jonsstølen




Ein obligatorisk fjelltur for niande klasse gav meg sjansen til å oppleva Jonsstølen, ein plass eg har høyrt om , men aldri besøkt tidlegare. Ein tek av frå Urdland i Raundalen, køyrer mot Kvitno og vidare langs ein grusveg med bompengar. Som de ser, er det ein nydeleg plass.

tirsdag 15. september 2009

10. klasse på fjelltur




Tradisjonen tru hadde 10. klasse sin årlege fjelltur på Vikafjellet i dag. turen gjekk frå Sognegrensa til Holo. Greitt turver, skya, men vidstille, gjorde det til ein flott dag. Det var berre blide fjes å sjå heile dagen.

mandag 14. september 2009

Godversteikn




Far min sa alltid at når du såg slike "slør" i graset, var det garanti for godt ver. Det har vist seg å stemma, berre sjå på gårsdagen!

søndag 13. september 2009

Første jaktsundagen







Hjortjakta har starta, og det vart fangst! Elles er det å seia at det var ein nydeleg dag, med noko variert dyreliv, i alle fall når me snakkar om storleik. Edderkoppen hadde jobba godt med nettet sitt, utan nokon særleg fangst. Hoggormen ville truleg berre ein tur ut for å nyta haustsola.

onsdag 9. september 2009

Ei påminning




Det har faktisk vore eit par dagar med fint ver dei siste tre månadane, her representert ved Hardangerfjorden og Seimsvatnet.

lørdag 5. september 2009

Storefjell







Kvart femte år samlast ein flokk søskenbarn med følgje seg på eit eller anna høgfjellshotell. I år vart det Storefjell.

Rafting




Ein positiv ting med at det regnar dag etter dag: Ei flaumstor elv på Evanger er perfekt for rafting!

onsdag 2. september 2009

Første haustflaumen






1. september er første haustdagen, og naturen svarar med ausande regn og flaumstore elvar. Dette er glimt frå øvre del av Bolstadelva.