tirsdag 26. oktober 2010

Logistikkproblem?


Eit tips til den eller dei som styrer veret: Først skal lauva av trea, deretter skal snøen komma og dekka dei før omtalte lauva. Å gjera dette i motsett rekkefølgje vert heilt feil.

torsdag 21. oktober 2010

Tidleg vinteren











Både flora og fauna vart overraska over snøen og vinteren som kom alt i oktober. Dette er rett og slett for tidleg.

mandag 18. oktober 2010

TV-aksjonen 2010







Etter to veker på Stortinget er det kjekt å vera tilbake til det normale. I Oslo var det mange motiv, men lita tid og dårleg med nett-tilgang på fritida. Ein kveld var litt spesiell, då skjedde det ting på utsida av Stortinget ( og hybelen min). Dan Børge Akerø, Unni Willhelmsen, Henrik Mestad, Marie Bonnevie m.fl hadde aksjon for å skaffa bøsseberarar til TV- aksjonen. Stortingsbygningen vart brukt som bakgrunn og lerret for fotografi frå flyktingeleirar. Ei vakkert, gripande og sterk oppleving.