mandag 31. mai 2010

I sitt rette element?




Når du er ei and med make, og har hamna midt inne i folkevrimmelen i Bergen, kvar er det naturleg å søkja tilflukt? Ved Sjøfartsmonumentet, sjølvsagt. Her er vatn og sjøfolk ( om enn i stilisert form ) , noko som bør vera vesentlege element for sjøfuglar. Dei har i alle fall funne roen.

søndag 30. mai 2010

Geilen




Geilen er ein av fjellgardane i mitt nærområde, dvs det er to bruk. Garden er no fråflytta. Bilete kjem nok ein gong. Denne gongen vert det ei stemning frå den idylliske elva som renn i utkanten av innmarka.

fredag 28. mai 2010

Horvei i grønt


Det som er greitt med bilete, er du ikkje kjenner at det er kaldt, vind og i periodar småsurt. Dermed kan ein innbila seg at det er ein varm sommardag.

torsdag 27. mai 2010

Klatring i Nåli







Nåli ved Horvei er ein fantastisk klatrearena. For ca ti år sidan var det stor aktivitet her, så vart det stille. No har det teke seg opp att. I kveld fann eg min gode kollega Hilde midt oppi fjellsida. Her demonstrerer ho flott klatreteknikk.

tirsdag 25. mai 2010

Bløming


Dette kirsebærtreet har ikkje produsert eit bær i manns minne. Blomstringa er likevel så fin at det får leva år etter år.

fredag 21. mai 2010

Morgonstemning på Seimsvatnet




Eg er ingen fugleekspert, men eg har ein ide om at dette må vera Canadegjess. Viss eg er heilt på villspor, toler eg godt å verta korrigert

torsdag 20. mai 2010

Elva renn og renn og renn







Plutseleg varme fører til plutseleg auke i vassføringa. Med lite lys og lang lukkartid vert dette vakre fargar og fine mønster.

For lenge sidan


Før i tida var Evangervatnet ei viktig ferdselsåre. Om denne ringen kom då, veit eg ikkje, men det er kjekt viss det er slik

søndag 16. mai 2010

Korleis?







Det er helit naturstridig at furu og andre tre klarer å klora seg fast i steile bergveggar. Tyngdelova gjeld ikkje lenger. Kvar hentar dei næring? Treng ikkje tre jord for å veksa?

Sesongopning




Endeleg har eg kuna setja kajakken på vatnet. I fjor var det langvarig flaum og lite freistande å padla på Evangervatnet. I år er ikkje det noko problem.

mandag 10. mai 2010

Campingliv


Få plassar ser du større fantasi og variasjon i arkitektur og handverk en på ein norsk campingplass. Spikartelt finns i tallause variantar, og terassane breier seg over store areal og med alle former for tilleggsutstyr. Likevel, eg syns Lønahorgi er finast. ( det tredje sentrale fjellpartiet på Voss)

søndag 9. mai 2010

Sanden







Skal du til Sanden ved Evangervatnet, må du i båt eller så må du gå gjennom utmarka i Sunngjedlen slik eg gjorde i dag. Neste gong brukar eg kajakken, då er det ikkje lange turen.

Målfoto


I det spanande lammeløpet på Horvei, måtte det målfoto til for å kåra vinnaren. Stakkaren heilt bakerst hadde ein svært dårleg start.

torsdag 6. mai 2010

Kveld




Ved sida av Lønahorgi, er det to fjell som er viktige for vossingar: Gråsida og Horndalsnuten. Desse er så høge at dei fangar opp litt sol også kl 21.45. For 12 timar sidan snøa det heilt ned til låglandet, kanskje det var avskjeden med vinteren?

onsdag 5. mai 2010

Dyrvedalen


På impuls køyrde eg på sørsida av Vangsvatnet då eg skulle på jobb i dag tidleg. Det er smal veg, men fin utsikt. Her ser ein til dømes det meste av Dyrvedalen.

søndag 2. mai 2010

Stas å vera tante




Det er ikkje vanskeleg å få hjelp til å passa Nora når familien er samla. Solveig tek rolla som tante veldig seriøst, og det er ikkje tvil om at ho har talent.