torsdag 31. mars 2011

Turist



Å sjå japanske turistar på ei regnvåt brygge i Lofthus, Hardanger, er spesielt. Det som er ekstra spesielt, er at denne turisten er iført samehue!

tirsdag 29. mars 2011

Sorry, Hardanger



Bileta i går teikna kanskje eit i overkant dystert bilete av distriktet. I dag framstår Hardangerfjorden som vakker og dramatisk.

mandag 28. mars 2011

Hardanger






Attende til norske tilhøve: 1. Er det vår i Hardanger? NEI 2. Er der rasfare ? JA. Bileta er tekne frå Ullensvang hotell i Lofthus. Det nederste biletet viser Velure på vegen mellom Odda og Utne.

onsdag 23. mars 2011

København, Churchillparken




Ein kort spasertur frå Strøget, f.eks. gjennom Amalienborg, fører deg til Churchillparken. Dette er eit nydeleg lite parkanlegg med vollgraver og sjø på alle kantar. Den lille havfrue held også til her. Parken er populær blant barnefamiliar og joggarar.

tirsdag 22. mars 2011

København, Gråbrødretorvet







Ein tur innom Gråbrødretorvet er fast post på turar til København. Torget er lite og idyllisk, plassert litt bortgøymd frå Strøget, og med Rundetårn like i nærleiken. Her er det fredeleg og avslappa stemning, og det er serveringsstadar på alle kantar. Peder Oxe Vinkelder er mi favorittkro. Torget er oppkalla etter gråbrødrene som tilhøyrte eit fransiskanarkloster som låg like i nærleiken. Alle husa rundt torget er freda. Nokre av dei vart oppført som bustadhus etter bybrannen i 1728.

Købehavn, Nyhavn




Ein helgetur til København er ei fantastisk avveksling frå vestnorsk is, snø og sørpe. Humøret steig i takt med sola. København er ein fantastisk by med mange idyllar. I dette g dei neste innlegga vil du kunna sjå nokre av mine favorittområde i byen, stadar som bør vera obligatorisk for alle besøkjande. I dag er det Nyhavn, hamneområdet med dei mange kafeane og uteserveringane.

onsdag 16. mars 2011

Mars 2008 - mars 2011







Desse bileta er alle tekne medio mars. Dei to øverste i 2008, dei andre i 2011. I 2008 lengta me etter snø, i 2011 lengtar me etter snøfrie bakkar. Felles for begge åra er at me reiser til København på helgetur.

mandag 14. mars 2011

Svigermor sitt husdyr






Denne hjorten er stadig på besøk i hagen til svigermor. Vegen til og frå skogen er like ved husveggen. I dag gadd hjortekolla ikkje flytta seg sjølv om eg gjekk ut av bilen for å fotografera. Det verka som dyret tenkte: "Skal han ikkje snart gå slik at eg kan få eta i fred?" Vakkert er det i alle fall.

søndag 13. mars 2011

Kveld, snø, vinter



Vårteikna eg såg for nokre dagar sidan, er definitivt borte. Er ikkje mars eigentleg ein vårmånad?

torsdag 10. mars 2011

Landemerke



For oss som likar å gå tur langs Geilavegen, er det to landskapsformasjonar som er lette å kjenna att: Jonshorgi og Nakka. Jonshorgi er ein topp som skil seg ut frå resten av landskapet. Nakka er ein av dei mange fjellgardane som ikkje lenger er i drift.

Våren er utsett på ubestemt tid.




Å vakna opp og sjå ut vindauga i dag, 10. mars, gjorde at alt håp om snarleg vår forsvann. Greitt nok, det er fint og stemningsfullt, men det er to månader på overtid. Er litt bekymra for lagnaden til tujaen når snøen på taket endeleg slepp taket.

onsdag 9. mars 2011

Horvei, sett frå Bjørgo sag


Ein sein ettermiddagstur til Bjørgo i går. Turen var grei heilt til veret slo om til vind og sludd. Biletet viser at våren let venta på seg

tirsdag 8. mars 2011

På jakt etter vårteikn




Eg innsåg fort at å leita etter vårteikn ein sein ettermiddag med stiv kuling, sludd i lufta og ein meter snø på bakken, var ei heller håplaus oppgåve. Det næraste eg kom, var å finna stadar der Geitåni er i ferd med å bryta gjennom snø- og islaga.

søndag 6. mars 2011

Sundagstur



Endeleg vart det høve til ei skitur på Tveiti. Då er det berre å konstantera eit par observasjonar: Dyrespor og skispor deler på dei opne flatene, og opne bekkar peikar mot vår.

torsdag 3. mars 2011

Grei dag på jobb!




Det er ikkje ofte ein opplever bonusdagar som dette! 8. klasse ved voss ungdomsskule klarte å arrangera alpindag på den eine fine dagen denne veka. Metervis med snø, fin temperatur, nesten vindstille, sol og fantastisk fine løyper. dette er Voss på sitt beste. Kan ein ha det betre?