søndag 29. mai 2011

Halsnøy kloster




Den vårlege turen til Halsnøy var bestemt til å finna stad denne helga. Det er alltid like fint og kjekt, uansett ver. Ein tur i Klosterhagen med tilhøyrande kai gir stadig nye fotomotiv, m.a ei avkledd og ei påkledd dame.

Slutt med klaginga.



Når eg ser gjennom dei siste blogginnlegga mine, ser eg at det er mykje klaging på ver og temperatur. Eg kan rett og slett verta oppfatta som versjuk! No er det slutt med det! Kva er vel vakrare enn grøne lier og nysnø på fjelltoppane? Spesielt i slutten av mai? Det er hermed slutt med klaginga.

onsdag 25. mai 2011

"Og vannet steg"




Måndag stod vatnet i Evangervatnet ein halv meter under bryggekanten i Ståi. I dag låg brygga under vatn med god margin. No vil me ha sol!

mandag 23. mai 2011

Haust i mai


Hadde det ikkje vore for grønfargen på trea, kunne dette like gjerne vore oktober. Regn, vind og 7 - 8 grader er ikkje mai slik me vil ha det.

søndag 22. mai 2011

Hjartesukk


Det er mai, det regnar og bles, dagane er travle , tida strekk ikkje til. Eg ser fram til sommar og varme, sol og rikeleg med fridagar og dagar der ein styrer tida sjølv.

tirsdag 17. mai 2011

Mat nok til alle



Eg er einig med Nora: Når det er så mykje god mat på bordet, er det ikkje meir enn rett og rimeleg at ein deler med andre!

mandag 16. mai 2011

Akvariet



Akvariet i Bergen er bankers for store og små. Casper veit litt av kvart om fisk, medan Nora har lyst til å fanga fiskane som er så nær.

søndag 15. mai 2011

Bergsdalselva



Køyrer eller går ein frå Dale oppover mot Storefossen, er det nokre små vegar som tek av frå hovudvegen. Eg har jobba langs den vegen alle åra frå eg begynte på gymnaset til eg var ferdig med studiar. Likeeins har eg jobba 15 år på Dale, men først no har eg kome på å sjå korleis det ser ut i enden av desse vegne. Slett ikkje verst!

torsdag 12. mai 2011

Litt nasjonalromantikk


Greitt, båten skulle vore av tre og ikkje plast. Han skulle vore brunbeisa, ikkje kvit og orange. Elles er dei fleste elementa på plass: Snødekte fjelltoppar, blått vatn og ikkje minst den grøne bjørka. Elg, kyr og budeier var diverre ikkje å opdriva.

onsdag 11. mai 2011

Vår og snøsmelting





Varme og sol set fart på snøsmeltinga som igjen fører til høg vannstand. Desse trea like ved Voss Vandrarheim får verkeleg vatna rotsystemet i desse dagar.

søndag 8. mai 2011

Den fyrste løvetannen













Det er stas å finna ein løvetann som berre er min. Ingen får låna den, men smaken var ikkje noko særleg!

torsdag 5. mai 2011

Utsikt frå Hanguren



Å nyta utsikta frå Hanguren ein vårdag, er ei fin oppleving. Eine biletet viser Bordalen og deler av Vangen. På det andre er det Gråsida som dominerer.

onsdag 4. mai 2011

Opptur



Turistforeningen arrangerer kvar vår fjelltur for alle 8. klassingane i Noreg. På Voss er det Voss Utferdslag som har regien. Turen går frå Vangen, via Mølster til Hanguren og attende via Raugstad. Oppstigninga er bratt, men det er fint å gå likevel. På toppen gjekk me eit stykke langs ein løypetrase etter vinteren. Der ligg det framleis snø. Satsar på at dette er siste snøbiletet denne sesongen. Takk til Utferdslaget for eit kjempeflott arrangement!