søndag 28. september 2008

Ver-sjuk


Ute er det regn, skodde og vind. Ekte haust med andre ord. Då kan det vera kjekt å sjå tilbake på bileta frå snarturen til Allicante for eit par år sidan.

Elvepadling




Eg skal på ingen måte påstå at eg kan padla elvekajakk, men når det plutseleg dukka opp ein gjeng som prøvde seg i Bolstadelva, var det berre å slå fast at dette såg utruleg kjekt ut.

torsdag 25. september 2008

Ulvik


Poesifestival i Ulvik sist helg. Kanskje dette biletet teke frå uteplassen til Brakanes hotell kan vera litt poetisk?

onsdag 24. september 2008

Prestegardsmoen



Skodda ligg tjugg over Voss, men i Prestegardsmoen kjempar sola for å bryta gjennom

søndag 21. september 2008

Bergen


Ein katt i eit bergensk smau er ikkje eit spesielt originalt motiv, men det er no fint likevel

lørdag 20. september 2008

Ut på tur


Når ca 150 åttandeklassingar skal ut på tur, trengs nokre solide formaningar før avgang. Her er det Cato som tek seg av dette. Det verka, for turen vart svært vellukka. Vikafjellet er eit glimrande utgangspunkt for fotturar.

fredag 19. september 2008

Frå arkivet


Dette biletet vart teke 3.okt 2007. Viss nokon vil sjekka om haustfargane i år kjem tidleg eller seint, kan dei stilla seg opp i Hjørnevik om to veker og samanlikna. Eg skal prøva å ta bilete frå same staden då-

onsdag 17. september 2008

Badesesongen er over!


Om sommaren er dette staden ein stoppar for å bada. Når ein er komen ut i september, stoppar me framleis her, men står over badinga. Vatnet smakar derimot veldig godt etter ca ein times tur

Skodda letter over Vangen



Haust og skodde er ein vanleg kombinasjon på Voss. Enno er det så pass mildt at skodda lettar når sola står opp. Dette gjer at landskapet forandrar karakter i løpet av eit par timar

tirsdag 16. september 2008

Morgonstemning



Seimsvatnet kl 7.45 om morgonen. Godt å ha tid til å stoppa opp og foreviga augneblinken.

mandag 15. september 2008

Kva er dette?


Svaret er enkelt: Det er det næraste underteikna nokon gong har vore ein cruisebåt.
Sikkert ein ok måte å feriera på, men eg har faktisk mange alternativ som ligg høgare oppe på lista.

søndag 14. september 2008

Haust og hjortejakt



Så er den tida komen at ein brukar sundagane til å springa etter hjorten. Dette er to stemningar frå Tveiti og Storelia. I tillegg til ei fin naturoppleving, vart det ein hjort-

lørdag 13. september 2008

Vegen over Vikafjellet - 50 år





I dag er det 50 år sidan Vikafjellsvegen vart offisielt opna. I samband med dette var det stor festivitas. Talar, underhaldning, veteranbilar og samferdselsministeren gjorde dette til ein flott dag. Mat på Hopstock hotell er heller ikkje å forakta. Bileta viser nokre av bilane som var med i opptoget

onsdag 10. september 2008

Kveldsskyer


Ikkje noko spesielt med denne kvelden på Stordalen, men kveldssol som vert reflektert i skyene, skapar ein fin og stemningsfull effekt

tirsdag 9. september 2008

Stordalen



Desse sauene har bestemt seg for å bruka siste del av ferien på Stordalen. Eit særdeles fornuftig val!

søndag 7. september 2008

Haust


Kjem ein høgt nok til fjells, er det enno blåbær. I løpet av to dagar på Stordalen, plukka May 6 l med store, søte bær.

Porsche




Dette er ein heller ukjent modell frå Porsche. Men faktisk rulla det fleire av desse ,ikkje på norske vegar, men norske gardsbruk , på 1950-talet. Designet var nok meir spesielt enn praktisk.

torsdag 4. september 2008

Steinstudie


Kva kan ein få ut av desse steinane? Det ser i alle fall ut som om dei har funne kvarandre.

onsdag 3. september 2008

Baltus


Denne karen er rett nok ikkje av dei største, men det han manglar i storleik, tek han att på personlegdom og vilje. Ingen Rottweiler eller Schafer får Baltus til å tvila på kven som er sjefen.

Idyll


Fonnes i Austrheim er kanskje ikkje den største turistmagneten, men det er ein stad med mange idyllar likevel.

tirsdag 2. september 2008

Ut på tur



8-klasse ved Voss ungdomsskule fann ein dag med sol og behageleg temperatur for haustturen til fjells. Målet var Sendedalen på Vikafjellet, og alle gjennomførde med humøret og helsa i behald.

mandag 1. september 2008

Balkanfest,Evanger



Siste helga i august vart ei fantastisk festhelg på Evanger. Lokale krefter arrangerte festival med mat og musikk frå Balkan. Bileta viser to av dei musikalske innslaga: Gipsy Tunes og Boban i Morko Markovic Orkestar. Sistnemde er her vist i gateparaden, men dei levert også fantastiske konsertar, både på scena og i kyrkja