søndag 29. november 2009

Kveld



Kveldshimmelen er spanande, ikkje sant?

lørdag 28. november 2009

Skodde over Evangervatnet







Når skodda ligg tjukk og grå i låglandet, er det berre ein ting å gjera: Koma seg så høgt opp at ein kjem over skodda. Då er det plutseleg sol og ei heilt ny utsikt.

onsdag 25. november 2009

Å dekka til eit hus




Under arbeid med større byggeprosjekt, er det vanleg å dekka til huset med plastduk for å sikra gode arbeidstilhøve. Løysingane ein vel, kan variera. Kulturhuset på Voss og juridisk fakultet ved Humboltuniversitetet i Berlin har i alle fall prioritert ulikt på dette området!

tirsdag 24. november 2009

Pynta til jul?


No er det snart jul, og ein kan ta til med å pynta opp huset med julestas, både ute og inne. Eg lurer fælt på kva dei som bur i denne leiligheita har tenkt å gjera med julepyntinga. Dette biletet er nemleg teke i Berlin, mars 2009 !! (klikk på biletet for detaljar)



mandag 23. november 2009

Natt og dag




Eit lite tilbakeblikk på siste Stordalshelga, tidleg i november. At hus og natur opplevest ulikt til ulike deler av døgeret, er ikkje noko spesielt overraskande. Legg spesielt merke til den fine nattehimmelen.

onsdag 18. november 2009

Skumring


Sist veke la eg ut to bilete frå Vangsvatnet. Dette biletet er teke ca eit kvarter tidlegare, med same innstillingane på kameraet. Lyset skiftar fort på denne tida! Feltet midt på biletet er dis som stig opp frå vatnet.

tirsdag 17. november 2009

Stålis











Når isen legg seg før snøen, vert det stålis som reflekterer det meste. Eine biletet viser ei av dei mange gamle bruene i Bergsdalen. Brua er fin den, men legg merke til muren som fører inn på brua. Her er det snakk om skikkeleg handverk!

mandag 16. november 2009

Moastølen 2


Selet på Moastølen har behalde det gamle uttrykket. Her er lite av moderne fjas. Det er derfor freistande å forsterka inntrykket av at dette høyrer til ei eldre tid.

søndag 15. november 2009

Moastølen







Ein søndagstur, bestemt på impuls: Biltur til Småbrekke i Bergsdalen, vidare til fots til Moastølen langs ein gammal militærveg. Dette er eit lett og fin tur, sjølv i november. I vanleg søndagstempo brukar ein ca ein halv time kvar veg. Når ein køyrer til Småbrekke, kan ein køyra einne vegen via Dale og retur via Hamlagrø. Fin tur det også.

tirsdag 10. november 2009

Haust og frost




Det er ikkje mykje fargar om hausten. Derimot vert det store kontrastar der vatn frys til is, særleg i solskinn.

mandag 9. november 2009

Vangsvatnet




Tok ein liten pause pause frå jobben for å visa korleis Vangsvatnet og Gullfjordungen tek seg ut i skumringa.

Interiør







Til ære for mi kjære svigerdotter, slår eg til med litt interiørblogging. Dette er glimt frå Stordalen, inne i hytta.



For å sjå ein verkeleg interiørblog, gå til http://bekkalokket.blogspot.com/



søndag 8. november 2009

Haustmørke på Stordalen







På ei hytte utan straum vert det lange kveldar. Då er det herleg å kosa seg framfor peisen, tenna på det du har av stearinljos og parafinlampar og nyta noko godt på fatet og i glaset. Men det kan likevel vera lurt å ta ein tur ut og få med seg stemninga frå den kanten også.

torsdag 5. november 2009

Ørn


Medan me hadde dugnad og sleit med å få båt og flytebrygge på land, tok ørna jobben med å halda måsane borte

søndag 1. november 2009

Dugnad




Ei flytebryggje er frykteleg tung når ho skal opp frå sjøen. Då er det greitt med dugnad, ein får på den måten kombinert det sosiale og det nyttig. Bryggja kom på land til slutt!