tirsdag 30. november 2010

November - Goodbye



Me vandrar ut frå ein iskald novembermånad og inn i ein like kald desember. Det fine er at ein kan gå over alt. Myrer og gjørmete vegar er som asfalt å gå på.

mandag 29. november 2010

Stord by night




Voss by night er blitt presentert før. Stord by night vert litt anleis. Her er mindre fjell som dannar bakgrunn og desto meir sjø i framgrunnen. Vangsvatnet vert liksom ikkje det same. For dei som er lokalkjende, er dette området mellom Rommetveit og Leirvik. Bileta er fotografert frå "Verdens Ende", Halsnøy Kloster.

søndag 28. november 2010

Solnedgang, Halsnøy







Kven har sagt at det berre er sommaren som er vakker ved kysten? Ein iskald novemberkveld på Halsnøy har også sine kvalitetar.

lørdag 20. november 2010

Fullmåne, inne


Når fullmånen står i aust, kan ein nyta det utan å gå ut. Eigentleg er det mindre forskjell enn ein skulle tru. Temperaturen er nesten den same, ute og inne i rotstova.

torsdag 18. november 2010

Hatlekinnet og Karlsvogna




Meining var å ta eit bilete av Hatlekinnet. Resultatet vart at Karlsvogna dukka opp ( hadde nok vore der heile tida). Litt uskarpt pga veldig lang eksponering, ca eitt minutt.

tirsdag 16. november 2010

Voss by night




Har sikkert brukt dette motivet før, men når det endeleg klarnar opp etter fleire dagar med sludd, snø og regn, må ein berre nyta det (eller utnytta det) . Gråsida eller Hanguren, fint er det uansett.

mandag 15. november 2010

Kunstig og naturleg lys


Med lang lukkartid fangar objektivet også opp det som er av kunstig lys.

søndag 14. november 2010

November


Ute: Sludd, rundt null grader. Inne: Fyr i omnen, cupfinale og farsdag. Det er ikkje vanskeleg å velja. Til og med Baltus syns det er best inne, men det er viktig å kontrollera uteområdet likevel.

søndag 7. november 2010

Delvis vinter




Det har blitt lite oppdateringar i det siste, andre opgåver har teke for mykje tid. Satsar på at det vert fleire innlegg framover. Desse bileta er frå sundagsturen over Tveiti.