søndag 31. mai 2009

Studie i vatn







Dersom ein stoppar elva , vert det stilige effektar.

lørdag 30. mai 2009

Sliten hund




Stakkars Baltus. Ei lang pinseafta med sol, mykje mat og full fart tek på. Då er det godt å finna ein plass i skuggen og slappa heilt av

torsdag 28. mai 2009

Regnboge




Kanskje ikkje den mest markert regnbogen, men han ligg i alle fall fint til over Tinghuset og Vangsvatnet

tirsdag 26. mai 2009

"Autovern"




Sikring av farlege vegstrekningar kan gjerast på andre måtar enn med autovern av aluminium. Denne modellen er rett nok ikkje like sikker, men definitivt mykje finare å sjå på.

mandag 25. mai 2009

Tysseelva




Som så mange andre elvar,skiftar denne namn på vegen til sjøen. Stordalselva, Øvstedalselva og til slutt Tysseelva. dette er i siste fase, der stryka er bratte og elva går kvitt. Her må ein heva stemma for å overdøyva elvebruset


søndag 24. mai 2009

Aldal







I Aldalen har Per og Margot budd sidan 1968. Her har dei bygd opp ei blomstrande verksemd innan souvenirproduksjon. Garden er veglaus og kjem inn under kategorien "der ingen skulle tru at nokon kunne bu". Når ein får oppleva staden ein fin vårdag, skjønar ein at nokon vil bu her likevel.

Tysso (Tyssen)











Tysso er vestlegaste garden i Voss kommune. No er det berre ein familie som bur der fast, men om sommaren er det folk i dei fleste husa. I tidlegare tider vart det laga møblar her. Her var og dreieverkstad. Tysso er nok einaste staden i Voss som har eit visst maritimt preg. Tysso er kort sagt eit spanande og idyllisk minisamfunn.

Årdalstangen




Å reisa på utflukt til Årdal, er ikkje vanleg. Likevel vart den spontane bilturen ei positiv oppleving. Årdal er ikkje verdas navle, men det er spennande å vandra i norsk industrihistorie. Bileta er av Årdalstangen, fotografert frå vegen mot Øvre Årdal.

lørdag 23. mai 2009

Lærdal







Inspirert av bloggen til damene på Patina, tok me ein impulstur til Lærdal. Gamle Lærdalsøyri er unik. Tenk å eigd eitt av desse husa!!

fredag 22. mai 2009

Morning, western Norway


Studie i chrome og blank lakk ein tidleg morgon utanfor the local Motel

tirsdag 19. mai 2009

!7. mai


Kva er vel meir naturleg enn at 17. mai-toget på Bolstad kryssar brua som opphaveleg var ei jarnbanebru?

lørdag 16. mai 2009

Bolstadelva




Eit par glimt av korleis det ser ut langs elva ein sein etermiddag

torsdag 14. mai 2009

Nordnes


Ein fin katt på ei fin trapp i ein fin bydel i ein fin by.

tirsdag 12. mai 2009

Nausto







Voss kommune har sjølinje. På Bolstad kjem Bolstadfjorden inn, og ein kan i prinsippet ro til England. Dette er ikkje vanleg å gjera, men ein kan og slappa av og nyta naturen.

søndag 10. mai 2009

Ut likevel




Ein kan ikkje sitja framfor omnen heile dagen sjølv om vergudane er i eit tvilsomt humør. Detaljane er vakre i alle slags ver.

Regn ute, fyr i omnen inne


Enkelte dagar er dette det mest fornuftige ein kan gjera!!

mandag 4. mai 2009

Vårflaum 2


Dette er eit heilt tilfeldig knipsa bilete, motivet er rotete, men litt stilig likevel.

lørdag 2. mai 2009

Vårflaum




Når temperaturen nærmar seg 20 grader, og det framleis er snø i fjellet, vert det store elvar. Fint så lenge det varer.

fredag 1. mai 2009