tirsdag 20. desember 2011

Samarbeid

Me har laga peparkakehus. Kanskje litt barnsleg for folk godt oppi 50-åra, men kjekt likevel. Eg er arkitekt og byggmeister, May står for dekorasjonane.

søndag 11. desember 2011

Long December Night



Legg vekk julestresset, reis på hytta og ta ein tur ut når det er fullmåne. De kan vera ganske så vakkert!

tirsdag 6. desember 2011

Snø!!

Samanliknar ein med forrige innlegg, er det snakk om raske endringar i veret. Syns det trass alt er snøen som høyrer heime i desember.

lørdag 3. desember 2011

Bølgjer på Vangsen


Det er ikkje ofte ein ser kvite bølgjetoppar på Vangsvatnet. Torsdag var det slik. Det slo til og med bølgjer inn over land.

lørdag 12. november 2011

Baltus slappar av

I ein barnefamilie kan det verta ganske hektisk, også for ein stakkars hund. Bamsar og dokker er i alle fall ganske så fredlege. Då er det naturleg å slå seg i lag med desse når behovet for ein lur melder seg.

søndag 6. november 2011

Natur i Oslo


Slottsparken ligg midt i Oslo, men om ein stengjer ute alle lydar og ser i rett vinkel, kan ein få kjensla av å vera ute i naturen. Her er faktisk veldig fint!

lørdag 5. november 2011

Er so stolt!



Har vore til Tertnes. Er dei ikkje vakre?

onsdag 12. oktober 2011

Synfaring

Skogsvegen er ferdig, og det skal kontrollerast om alt er etter føresegnene. Og det er det, stort sett. Men Jan Inge, det er ikkje spesielt macho å stilla i skogen med paraply i regnbogefargar!

Tysso



På Tysso er det vakkert, sjølv på ein haustdag med regn.

tirsdag 11. oktober 2011

Vatn



 Tysseelva er direkte voldsom, utruleg mengder vatn renn mot fjorden. Elva skiftar forresten namn fleire gonger. Stordalselva,Øvstedalselva, Tysseelva, alt etter kvar du er. Elles må det nemnast at eg i ettermiddag gjekk frå Øvstedalsvegen til Tysso og tilbake.

lørdag 8. oktober 2011

Brunborg



Ei lita perle nær Evanger: Brunborg. Hadde ein nydeleg tur opp til denne veglause garden i dag. Etter å handla graut, kaffi og lenestol hjå Patina-damene, tipsa dei oss om at ein tur til Brunborg var det einaste rette på ein slik fin dag. Dei hadde rett!

mandag 3. oktober 2011

Haust i låglandet

Ein treng ikkje dra til fjells for å møta hausten. Det er vel berre å innsjå at hagemøblane snart må i hus.

søndag 2. oktober 2011

Haust i fjellet



Hausten er her, også om ein dreg til fjells. Haustfargane er ikkje til å ta feil av, enten det er dag eller kveld. Då er det ekstra koseleg å fyra opp i peisen på hytta og berre slappa av, i alle fall når ein har jobba så lenge det var ljost.

onsdag 28. september 2011

Kveldstrim


Ein kveldstur langs Skreiavegen kan by på litt idyll viss ein tek seg tid til å stoppa opp.

lørdag 24. september 2011

Utsikt frå Kulturhuset


Taket på Voss Kulturhus er eit fint utsiktspunkt, same kva veg du ser. Klokka halv ti ein septemberkveld ser ein mest der det er opplyst. Litt sært å stå der aleine ein fredagskveld, men kva gjer ein ikkje for å slå i hel tida når ein ventar på eit forseinka Oslotog?

Nora tek ansvar


Når Nora syns Baltus treng lufting, vert det gjort skikkeleg. Baltus får både tissepause og matpause med vaffel.

onsdag 21. september 2011

Kveldstur


Ein tur til Rørgo er aldri å forakta. Både langs vegen og når du kjem fram, er det fine motiv

mandag 19. september 2011

Haust?

Tja, det er vel berre å innsjå det: Hausten er her.

søndag 18. september 2011

To gode venner

Casper syns det er kjekt å få besøk av besetemay. Det er gjensidig!

lørdag 17. september 2011

Duell

Endeleg tid til eit besøk på Tertnes. Casper utfordra Solveig til kappløp på Monsabakken, og han vann! Joggesko mot bysko: Rått parti!

onsdag 7. september 2011

Alle mann til pumpene!


Eller kanskje det er i seinaste laget? Den raude plastbøtta ligg klar i båten, men regnet har nok vore meir intenst enn iveren etter å ausa denne båten på Evangervatnet.

tirsdag 6. september 2011

Enkelt og greitt


Gløym tørketrommel, tørkestativ i hagen eller provisoriske løysingar på loftet. Fest ei snor i veggen til naboen på andre sida av gata, og du har løyst problemet med klestørk.

mandag 5. september 2011

For sale

Etter grundig synfaring og diskusjon, kom me fram til at dette var litt under vår standard.

lørdag 20. august 2011

Split - Gamlebyen





Å gå bak dei gamle bymurane i Split er som å stiga mange hundre år attende i tida, dersom ein ser bort frå butikkane på gateplan. Denne bydelen er frå år 200 - 300 . Bortsett frå turisttrafikken, fungerer bydelen som eit område der vanlege folk bur, handlar og møtest. Ein spanande miks mellom gammalt og nytt,