torsdag 29. oktober 2009

Bulken. 29.10.09, kl 7.50




Eg har sagt det før, men nemner det nok ein gong: Å køyra E 16 kan by på mange fine naturopplevingar. På veg til jobb i dag, kom eg til Bulken og fekk sjå Vangsvatnet farga rosa. Då er det godt å ha så pass god tid at ein kan stansa, ta fram fotoapparatet og foreviga dette øyeblikket.

onsdag 28. oktober 2009

Haust med ekstra fargar


Sola brukar lengre og lengre tid til å koma seg over horisonten. Kanskje det er denne kraftanstrenginga som gjer at det lyser raudt av ho tidleg om morgonen?

tirsdag 27. oktober 2009

Haust, med og utan fargar




Hausten er ei vekslande årstid. Veret varierer, og det er ymse kor fargerikt me opplever naturen rundt oss. Ein morgon i Modalen er til dømes heilt ulik ein ettermiddag på St Hanshaugen i Oslo

mandag 26. oktober 2009

Sand-soge




Modalen har levert sand i generasjonar. Ei tid vart sanden frakta til sjøen og sandbåtane med lange transportkanalar. No er desse historie, og naturen er i ferd med å skjula denne delen av sandhistorien. God ide å mala kanalane i matt grønfarge, det dominerer ikkje i landskapet meir enn nødvendig.

mandag 19. oktober 2009

Meir haust




Som sagt: Hausten kan vera fin. Ei rimfrosen myr er ein fredeleg plass, og Bolstad, sett frå Rongakammen, er heller ikkje prega av stress og jag. Bileta er tekne klokka halv ti, sundag morgon.

søndag 18. oktober 2009

Endeleg ein fin haustdag







Hjortjakt kan gje mange fine naturopplevingar, i tillegg hender det at det vert fangst!

lørdag 17. oktober 2009

Smalahove


To gode tips for eting av smalahove:
1. Det skal serverast rykande varmt!
2. Det er kjekt å eta saman med gode venner

tirsdag 13. oktober 2009

Å mura ein mur




Den som har prøvd seg på muring med gråstein, utan bruk av mørtel, veit at dette er ei krevande øving. Det er alltid steinar som ikkje passar inn, og ofte må ei juksa med å smetta inn småe steinar. Då vert ein imponert når ein støyter på gamle murar som denne grunnmuren på Geilastølen.

søndag 11. oktober 2009

Vinter







Neidå, vinteren er ikkje komen her i låglandet enno. Men ein skal ikkje så høgt opp før det er tydeleg e teikn på at ei ny årstid. Geilastølen ligg nett i grenseland, Dystingen er derimot heilt kvit.

fredag 9. oktober 2009

Tog







Det er kjekt å reisa med tog. Det kan til og med vera kjekt å venta på toget når fotoapparatet er med . Motiva er henta frå Gøteborg Centralstation

onsdag 7. oktober 2009

Gøteborg, dag 3. Women in Black




Gøteborg kunstmuseum og shopping. Maria kjøper seg nye sko som gebursdagspresang. Stilige og praktiske (!!) i følgje ho sjølv.

Gøteborg , dag 2


Den minste hunden var svært så kjepphøg. Den største såg ut som han tenkte: "Stakkars tulling, kva er det han trur han er?"

mandag 5. oktober 2009

Gøteborg, dag 1







Fint ver, pikene på broen, politihestar og utsikt frå hotellrommet. Dette er nokre av inntrykka frå første feriedagen i Gøteborg. Sjølv om me var litt trøytte etter reisa ( med tog ), har me hatt ein kjempefindag dag. No kjem snart Maria på besøk også, så då vert kvinnedominansen i reisefylgjet total.

søndag 4. oktober 2009

Haust




Det er utruleg mange blad på eit tre. Dette merkar ein i alle fall om hausten!