søndag 30. januar 2011

Istid 2





Går ein ned i detaljnivå, kan isen vera svært så vakker!

Istid




Eit resultat av det kalde og vekslande veret er store mengder is. Det kjem til å verta mykje bulder og brak når vårsola byrjar å få tak og isen slepper taket.

lørdag 29. januar 2011

Ettermiddagstrim







Ein tur over Tveiti er alltid fint. Særleg når snøen er hardpakka, og dagen er i ferd med å gå over til kveld.

onsdag 26. januar 2011

Grustaket


Stupande mørke, berre ein tilfeldig bil på andre sida av elva lyser opp det gamle grustaket. Dette får fram at kvelden er særs stjerneklår.

mandag 24. januar 2011

Snø


Det er uvanleg mykje snø i vinter! Rett nok er dette eit hundehus, og me har ikkje hatt hund på fleire år. Men om me hadde hatt hund, hadde denne fått problem med å finna døra.

søndag 23. januar 2011

Skodde



Sundag, skodde, sport på tv. Ikkje alle sundagar er slik, men av og til er det heilt i orden. Det er godt å ha gode grunnar til berre å slappa av og sløva framfor fjernsynet. Men eg har vore ute, her er beviset.

torsdag 20. januar 2011

Vossahorisont


Horndalsnuten er kanskje den mest karakteristiske fjelltoppen i Voss. Når ein kjem frå Bergen mot Voss, dukkar Vangen og denne toppen opp i det du kjem til Kvåle.

mandag 17. januar 2011

Overvatn



Regn og mildver etter veker med snø og kulde, gjer at naturen slit med å ta unna resultata av veromslaget. For eksempel hamnar vatnet oppå isen og ikkje under.

søndag 16. januar 2011

Eit anna glimt frå busshaldeplassen


Kva gjer kreative busspassasjerar når bussen ikkje kjem? Bortsett frå å kjeda seg, kan dei byggja ein modell av Eiffetårnet.

mandag 10. januar 2011

Glimt frå ein busshaldeplass





Busshaldeplassen på Vassenden er stort sett fredeleg. Når det i tillegg er eit uvanleg heftig snøver, vert det merkeleg stille. Svært få bilistar vågar seg ut på E16, og det er fornuftig. Elendig sikt og glatt vegbane er slitsomt.

lørdag 8. januar 2011

Snø og vind







Dette er ekte vinter!

onsdag 5. januar 2011

Geilen





Fjellgarden Geilen fekk veg på 1980-talet. No er det hyttefeltet som lokkar folk hi,t og dei to bruka er utan faste bebuarar. Tunet er likevel like fint som før, og husa er godt vedlikehaldne.

tirsdag 4. januar 2011

Voss kulturhus


Voss kulturhus opnar torsdag 6. januar. Detter vert ein fantastisk møteplass for vossingar og andre. Gled dykk!!

Morgon, sett frå Kvåle



Ein morgon med spesielt lys. Dei raudgule fargane dominerte over Vangen kl 08.00. Kanskje har det samanheng med at det er solformørking i dag?

søndag 2. januar 2011

Kveld , sett frå Vaksdal



Sola er gått ned, og kvelden er fanga med få minuttars mellomrom. På bileta ser ein til venstre Langhelle, i midten Ulfnesøy og til høgre Osterøy. Raudfargen i horisonten kjem vel frå Arna - Bergensområdet

Godt nytt år




Håpar at det nye året vil bringa mange fine dagar, sommar som vinter.