lørdag 30. januar 2010

Svart/kvitt i fargar.







Eller er det omvendt? I alle fall er det ikkje særleg fargerikt med nysnø, overskya ver og ope vatn. Heldigvis kom brøytebilen, og plogen er gul. Biletet med diagonal er overgangen melom is og vatn i osen av Evangervatnet.

fredag 29. januar 2010

Kjære Patina-damer


Me ser fram til det kjem ljos i vindauga, varme i lokala, kaffi på termosen og mogelegheitene til å gjera spanande kupp. Og takk for award`n

torsdag 28. januar 2010

Kveld, Evanger







Når du ser gjennom januarbileta på bloggen, kan det sjå ut som om eg berre bevegar meg ute på kvelds- og nattestid. Forklaringa ligg i lange arbeidsdagar og tidleg mørke. I dag stoppa eg på Evanger i 19-tida. Ingen dårleg ide!

onsdag 27. januar 2010

Bolstadelva




Kva gjer ein når 18.02-toget er forseinka? Ein kan f. eks rusla bort på brua med kamera og stativ og prøva å fanga kveldslyset. Eksponeringstida vart laang.

søndag 24. januar 2010

Bjørgo



Fjellgarden Bjørgo ligg på eit platå høgt over Evangervatnet. Dei to bruka ligg høgt og fritt, med ei fantastisk utsikt. Austavinden får godt tak, derfor er mesteparten av snøen blæsen bort. Før , då gardane var i drift, var det fleire km å gå i terrenget. På 1980-talet kom det veg nesten heilt fram til gardane. Vegen vert ikkje brøytt om vinteren, men vegtraseen er ei fin skiløype.

onsdag 20. januar 2010

Ask i måneskinn




Av og til orkar eg ikkje gå lenger enn ut i tunet for å ta bilete. Tuntreet, ein ask, stod i fin kontrast til himmelen og nymånen. Ja, det er nymåne, ein liten måneskalk. At det ser ut som fullmåne, skuldast truleg eksponeringstida på ca eit halvt minutt og litt dis i lufta. Det er også juksa litt med etterbehandling i photoshop, curves og smart sharpen.

lørdag 16. januar 2010

Lys i enden av tunnelen?


Heldigvis opplever dei fleste å sjå lyset i enden av tunnelen rett som det er. Denne kvelden fekk eg oppleva det meir bokstaveleg enn det som vanleg er, med god hjelp av austgåande godstog.

torsdag 14. januar 2010

Kunstig lys



Dette er ikkje ein solnedgang, derfor denne overskrifta. Lyset som er brukt, er refleksar frå veglys langs E16. Lang eksponering og litt hjelp ev photeshop får fram artige effektar. Men det hadde sjølvsagt vore kjekt med ekte sol!

tirsdag 12. januar 2010

Fem månader




Fem månader er ikkje så lang tid. Men jamenn kan naturen endra seg mykje på denne tida, slik som holmen i Seimsvatnet.

mandag 11. januar 2010

God ide?


Det er i alle fall lov å drøyma!

søndag 10. januar 2010

Frostrøyk.


Kva kan ein sei: Frostrøyk er betre på bilete enn i verkelegheita. Fint då også, men det er kaldt å stå å sjå på.

lørdag 9. januar 2010

Ørn på Vassenden!




Av og til får ein sjå ting som gjer at ein tvilar på sine eigne auge. Slik som i dag: Me sit i bilen, køyrer over brua på Vassenden, og der , rett over vatnet, svevar ei ørn! Nokre meter frå bilen og like ved E16 er ikkje akkurat kjerneområdet for kongeørner. Kanskje det er kulden som har fått fuglen til å prøva nye jaktmarker. Kameraet som låg i baksetet kom raskt fram, og eg fekk knipsa nokre bilete før ørna forsvann. Ei flott og merkeleg oppleving vart det uansett.

fredag 8. januar 2010

Kaldt


Dette ser ut til å meir og meir verta ein ver-blogg, men når gradestokken har stabilisert seg rundt - 30 på Voss, er det vanskeleg å fokusera på noko anna. Kanskje dette treet på Prestegardslandet gir eit visst inntrykk av kor hustrigt det er?

torsdag 7. januar 2010

Brrr...







Enkelte aktivitetar passar absolutt betre ved + 25 grader enn når det er -25!

tirsdag 5. januar 2010

I og ved lysløypa


Lysløypa på Horvei er flott preparert, og det er fine forhold med - 15 grader. Likevel er det ikkje alle som vel den preparerte traseen. Hjorten, til dømes, vel sine eigne vegar.

mandag 4. januar 2010

Ei bru







Denne brua over Geitåni er relativt ny, dvs det har vore bru her lenge, men den gamle brua er blitt fjerna og erstatta. Etter det kom veg, vart det bygd ei køyrebru lenger oppe i elva. Brua på bileta er meir eit kulturminne, og som du ser, trafikken er ikkje stor.

søndag 3. januar 2010

Eldhuset



Ikkje mykje som minnar om eld i eldhuset i dag. Tidlegare hadde huset tenkt å bli kvitt snøen på taket, men slik vart det ikkje. Dermed heng snøen der som ein skulptur.

lørdag 2. januar 2010

Julatre


Naboen satsar på på produksjon av julatre. Det tek åtte år frå planting til ferdige tre. Desse er eit par år gamle. Det vert sikkert fine julatre, men i mellomtida kan ein nyta dei som snøskulpturar.

fredag 1. januar 2010

Enno meir fullmåne




Med fare for å skapa inntrykk av at eg berre er ute etter mørkets frambrot, viser eg eit par bilete som viser kor stemningsfullt det er når månen dukkar opp over Åsen.

Godt nytt år!







Takk til alle som har vore innom bloggen i 2009!