onsdag 31. mars 2010

Mars tonar ut


Tre timar att av mars 2010. Veret har vore grått, men ei veke på Stortinget og første barnebarnet gjer at dette har vore ein av dei mest spesielle månadane på lenge.

tirsdag 30. mars 2010

Ved iskanten











I år er det typisk heimepåske. Påsketuren i dag var til bryggja i Ståi. Det er ikkje skikkeleg vår før isen på Evangervatnet er borte. Det kan sjå ut som at det vil ta si tid.

søndag 28. mars 2010

Barnebarn!!!!











For ein gongs skuld kjem det eit familiert bilete på bloggen. Første barnebarnet kom torsdag 25. mars. Nora Elise er ei nydeleg jente. Eg er ein umåteleg stolt bestefar og som ein kan sjå, gjeld dette bestemora også :-)

lørdag 27. mars 2010

Sikkert vårteikn




Så snart snøen er borte, dukkar snøklokkene fram. Eit sikkert vårteikn!

fredag 26. mars 2010

Bleik sol




Ei tilslørt og bleik sol er trass alt betre start på dagen enn regn og vind. Så positiv kan ein vera når påskeferien berre er nokre timar unna.

mandag 22. mars 2010

Litt Grønland




Slik ser det ut når isen i Vosso slepp taket. Isen vert ført ut i Evangervatnet der det er er lite vassføring. Dermed stansar alt opp og lagar flotte formasjonar.

søndag 21. mars 2010

Lite urbant




Sist helg var me i London. Denne helga stod eg på Vassenden og såg over mot Sanden. Kontrasten kunne knapt vore større. Her budde det folk heilt fram til 1970-talet. For å koma hit, må ein i båt, eller så må ein gå i terrenget over åsen i bakgrunnen. Før det vart bygd kraftverk på Evanger, kunne ein gå på isen heile vinteren. Det er ikkje tilrådeleg no.

fredag 19. mars 2010

Slutt på vinteren?




Det er for tidleg å leita etter vårteikn medan det framleis ligg ein halv meter snø. At vatnet i elva plutseleg kjem rennande oppå isen, er likevel eit teikn på at noko skjer. Bileta er tekne frå brua på Evanger.

mandag 15. mars 2010

Det er`kje greitt å vera foggel i dag




Noko sånt song Stavangerensemblet i 1980. Kom på det då eg såg desse duene i London. Ikkje nok med at handua som bruser med fjørene vert totalt oversett av den overlegne hodua. Legg merke til det overlegne uttrykket til den eine statua. Det gir klart uttrykk for at han gir blaffen i desse fuglane som har søkt tilflukt der. Det e`kje greitt.

søndag 14. mars 2010

Hyde Park




Hyde Park er ei perle i London. Bakkane er grøne, i motsetning til heime der dei er grøne. Men heller ikkje i Hyde Park fungerer trikset "sjå på fotogafen".

No doubt



Er ein i London, kva er meir naturleg enn å ha Guinnes, fish and chips på lunchmenyen ?

lørdag 13. mars 2010

London today




Om det ikkje er vår, finn ein i alle fall ekte blomar ute i det fri. Covent Garden og Oxford Street høyrer med til ein London-weekend. Det er det visst fleire som har funne ut!

fredag 12. mars 2010

London calling




Yeah. I London er gatene fri for snø, graset har fått grønfarge og alle åtte som er på tur kosar seg. I kveld skal me feira Kjellaug sin 60-årsdag. Kan me ha det betre?

onsdag 10. mars 2010

Nok ein gong




Dei siste to dagane har det vore fleire ras mellom Evanger og Bolstadøyri. Sjølvsagt måtte det koma eit også i 20.30 tida i kveld då eg endeleg var på veg heim etter ein lang dag.

tirsdag 9. mars 2010

Natur i kunstlys


Stemning fanga opp på ein sein spasertur. Det gule lyset skuldast eitt av dei ytterst få vegljosa mellom Bolstad og Evangervatnet

mandag 8. mars 2010

Natt og skodde




Trudde aldri at eg skulle gleda meg over yr og skodde, men i kveld kjendest det heilt greitt.

Mars, første våmånaden




Sist veke fekk eg gleda av å vera på Stortinget. Det var spanande, ineressant og travelt. Så travelt, faktisk, at kameraet aldri kom opp av veska. Vel heime igjen, viser det seg at ingen bryr seg om at mars er ein vårmånad. Tett snødrev og eit hyttetak med 1 m snø gir ingen signal om ein tidleg vår. Då er det berre å setja i gang med å måka. Eg er i grunnen lei vinteren!