tirsdag 28. september 2010

Haust




Det er ikkje tvil, hausten er komen. Kjem ein nokre hundre meter over havflata, merkast dette enno meir.

søndag 26. september 2010

Fullmåne







Kanskje litt "kitch", men Stordalen i fullmåne er ei oppleving. Slike kveldar burde ein oppleva med jamne mellomrom.

torsdag 23. september 2010

Soria Moria?




Skodde forandrar landskapet. Når skodda lettar litt etter litt, ser ein at konturane av Soria Moria, rett og slett er Mølstertunet.

onsdag 22. september 2010

Grafitti


Å bruka spraymåling på upassande stadar er ikkje berre eit byfenomen. Denne bergveggen ved Skreien ( E 16 ) har alltid vore som ein magnet for personar med målingboks på innerlomma. Spesielt? Tja. Fint? NEI!

mandag 20. september 2010

Vaksdal







Litt kveldsstemning frå Sørfjorden. I bakgrunnen ser ein Vaksdal, Langhelle og Osterøy.

søndag 19. september 2010

Skjulte vegar




To snarvegar frå Rongavegen og opp til Horvei. Brattebakkvegen forsvinn meir og meir inn i skogen. Vegen opp Hagabrekkene vert meir og meir synleg etter som greinene forsvinn frå grantrea.

torsdag 16. september 2010

Regn





Regnet plaskar ned, dag etter dag. Alle elvar og bekkar vert fylt opp, nokon skiftar frå blågrønt til gråkvitt. Andre stadar dukkar det opp nye bekkar. Fint å sjå på, berre ein vågar seg ut i ruskeveret.

tirsdag 14. september 2010

Gråver







Dårleg ver er ikkje nødvendigvis dårleg fotover. Over Bordalen stig dogg og regn frå bakken opp når lufttemperaturen stig. Samtidig kjem nye regnskyer inn frå vest. Nok ein regntung dag i vente.

Bruntonar




Bilete frå utfluktar i haust. Brunskjeret er meint å gje bileta eit "gammalt" preg. I fotografiet sin barndom vart alle bilete slik. I moderne mørkerom krev det spesiell bad, og den som framkallar, må ha ei viss erfaring. I den digitale verda er det svært enkelt.

torsdag 9. september 2010

Vikafjellet







Vikafjellet er eit unikt turområde. Her finn en både lette og tyngre ruter. Turen til Sendedalen er av dei lette. Her er nesten ikkje stigningar, og vegen er godt synleg. Ca 17o 8.klassingar fekk ein flott fjelltur. For lærarane som var med, kjennes det som ein stor bonus å få ein slik arbeidsdag.

onsdag 8. september 2010

Nok ein kveld


Denne gongen er motivet henta frå Bulken. Biletet er teke frå djukastein, og ein ser nedover Vangsvatnet mot Lunde og Liland

lørdag 4. september 2010

Kveld




Sola er alt gått ned, men skyene fangar opp dei siste strålane. Ikkje som ved kysten, men litt fint likevel

fredag 3. september 2010

Vangsen




Andre dagen i september gir håp om ein flott haust. Dette er to stemningar som vart fanga i løpet av gårsdagens sykkeltur. Eine biletet har Dyrvedalen som bakgrunn, det andre er teke i retning Vangen.

torsdag 2. september 2010

Sykkeltur











Fin temperatur, skodde som lettar, sol som vermer og glade elevar på sykeltur; då er det ikkje så verst å vera på jobb. Turen gjekk rundt Vangsvatnet, med lang og god pause ved Vannjolo.