onsdag 20. februar 2008

Stordalen



Uten kamera og med dårleg vinterver, er det berre å mimra om betre tider. Desse bileta er frå Stordalen, ein fin haustdag og ein fin vinterdag. Det skumle med å henta fram slike bilete, er at ein byrjar å lengta til fjells. Det er ikkje tvil om at eg må ta ein tur snart, for å nyta naturen, stillheita og varmen frå peisen. Dette er eigentleg finaste plassen eg veit om!!

søndag 17. februar 2008

Voss


Det er stor avstand frå Alicante til Voss, både målt i kilometer og varmegrader. Likevel kan det vera stemningsfullt også ved strendene langs Vangsvatnet.

mandag 11. februar 2008

Spania



Kameraet er framleis til reperasjon, og det er berre å bla vidare i arkivet. Oppdaga nett at det er eitt år sidan eg var så heldig å verta sendt til Spania (Alicante) i tre dagar. Skal eg vera heilt ærleg, kunne eg tenkt meg det same i år, men det vert nok ikkje noko av. I fjor var det i overkant av 20 grd i den spanske lufta, og det betyr bading for ein vestlending. Merkeleg nok hadde eg badestranda for meg sjølv.

søndag 10. februar 2008

Snart vert det betre


Sjølv i gråver kan ein oppleva at det er fine stemningar, særleg når sola gjer eit tappert forsøk på å bryta gjennom

lørdag 9. februar 2008

Bryggja på Evanger


Det kan vera ok med bilete i svart-kvitt sjølv om det eigentleg er noko som først og fremst høyrer saman med eit godt, gammeldags mørkerom. Eller er det rett og slett eg som er litt gammeldags?

Kald desember

Når kameraet er inne til reperasjon, har ein ikkje andre alternativ enn å sjå gjennom bilete som ligg i diverse mapper. Kva med dette desemberbiletet, der både bakkar og husveggar er prega av solid rimfrost?

onsdag 6. februar 2008

Evangervatnet


Når det er regn, snøslaps, kuling og kompakt mørke, kan det vera greitt å kikka tilbake på ein haustdag med fint ver, tørre bakkar, vindstille og blå skumring.

tirsdag 5. februar 2008

Isroser


Er det ikkje litt fascinerande å sjå at ei elv som om sommaren er heilt utan vegetasjon, om vinteren kan visa fram isformasjonar som til forveksling liknar vassliljer?

søndag 3. februar 2008

Oi!!!


Den bilen var raskare enn kameraet !

Vinter


Ein dag med snø, neste dag er det regn. Eg vil ha gammeldags vinter med snø frå desember til mars. Då kan alle (????) boltra seg på ski, slik naboen, Tevje, gjer her

Første forsøk



Ok, så må eg prøva å oppretta ein blogg eg også. Har inntrykk av at det er obligatorisk for alle som vil visa at dei heng litt med i tida. Kva bloggen skal brukast til? Tja, kanskje til å legga ut bilete frå mi verd? Til dømes denne desemberstemninga frå Voss?