fredag 30. januar 2009

E16 i skodde




Fekk lyst til å leggja ut to bilete av same motivet. Det eine er slik ein morgon kan opplevast når skodda er tett. Det andre er slik det ser ut når eg har leika litt med kurver-funksjonen i Gimpprogrammet.

torsdag 29. januar 2009

Vangsvatnet i skodde




Morgon, tett skodde og yr i lufta.

tirsdag 27. januar 2009

Ettermiddag i Indre Sogn




Klokka er 16.10, eg er om bord i ferja att, sjølv om eg eigentleg kom eitt minutt for seint i forhold til rutetabellen. Kveldssol og snøkledde fjelltoppar på alle kantar. ( og baconpølse på kafeen)

mandag 26. januar 2009

Morgon i Indre Sogn



Klokka er ni, ferja frå Mannheller sig inn mot kaien på Fonnes. Ei god kjensle, for eg veit at eg nådde ferja, og eg skal ha kaffi og svele med brunost!

søndag 25. januar 2009

Baltus



Alle hundar eg har møtt, er glade i snø. Likevel er det slik at hard jobbing krev sin hund, og det er nødvendig å slappa av når ein kjem inn.

lørdag 24. januar 2009

Studie i vatn




I mangel på andre motiv, kan ein gå til næraste staden med rennande vatn

torsdag 22. januar 2009

Endeleg fint ver






Etter dagar med gråver, er det flott å oppleva ein ein morgon som er så pass kjøleg at lufta er heilt klar. Då er det berre å stoppa ved vandrarheimen på Voss, ta ut kamera og stativ og fanga morgonen. dette er teke med lukkartid på 1/2sek

tirsdag 20. januar 2009

Tintrabrui


Tintrabrui er ei flott, gammal hengjebru som kryssar elva mellom Gjernes og Prestegardsmoen på Voss

mandag 19. januar 2009

Sett frå skogen


Gran-og furutre kan godt tena som innramming, men då må ein vera nøgd med det naturen har bestemt.

søndag 18. januar 2009

Filter



Bruk av filter når ein bearbeider bilete, er mest for moro, i alle fall for min del. Tilfeldigvis kom eg over eit sommarbilete som totalt endra karakter med brunfilter. Fjorårets sommartur vart med eitt til ei stølsstemning frå gamle dagar.

Evangervatnet







Det er ikkje ofte det er bølgjer med kvite toppar på Evangervatnet. Derfor kjem denne miniserien frå i går ettermiddag-

lørdag 17. januar 2009

Gimpa Evangervatn


Etter langtid utan bilethandsamingsprogram, har eg endeleg fått lasta ned Gimp2.6. Dette må sjølvsagt prøvast ut. Motivet er Evangervatnet i stiv kuling, fotografert frå Hjørnevik.

onsdag 14. januar 2009

Måne nok ein gong


For to dagar sidan vart månen fotografert ut eit vindauga. I kveld vart den same månen fotografert i same posisjon ved same huset.

Vatn og is




Veksling mellom snø og is gjer vatnet stig og isen bryt opp, som her på Vangsvatnet 13. januar

mandag 12. januar 2009

Kikk inn, måne


Viss eg kikkar ut på månen, er det vel rimeleg å tru at månen kikkar inn til meg?

lørdag 10. januar 2009

Måne og vind







Måne og vind er kanskje ein uvanleg kombinasjon, men fullmåne og skyer som driv i høgfart, skaper fine effektar. bileta er tekne med blendar 7.1 og lukkartid som varierer frå 8 -15 sek.

Is og vatn



Kombinasjonen av rennande vatn og is er gode fotomotiv, og endra lysforhold gir nye fargar og stemningar.

torsdag 8. januar 2009

Vassenden




Is på Evangervatnet, elva er open og veglampar ved E 16 lyser opp i ein ganske mørk vinterkveld. Ei slags stemning dette også.

onsdag 7. januar 2009

Kva er dette?


Svaret er: Ei vegskjering delvis dekka av is og opplyst av forbipasserande bilar!

mandag 5. januar 2009

Vinter på Bolstadøyri



Snø, kaldt,stille, skiføre. Slike vintrar det vil gamle Norge ha!

søndag 4. januar 2009

Skitur




Årets første skitur. Ikkje mykje snø, men nett nok til ikkje å ripa opp skiene. Sol og snøtunge tre skapar ei fin ramme rundt dei fysiske utfaldingane.

lørdag 3. januar 2009

Maritim nyttårsdag 2


Naustmiljø ved Fonnes kai.

fredag 2. januar 2009

Maritim nyttårsdag


Nyttårsfeiring for dei fleste av oss, men nokon er på jobb. Tidleg 1. nyttårsdag ligg desse båtane i Fensfjorden, klare for lossing/lasting på Mongstad

torsdag 1. januar 2009

Godt nytt år!!




I år vart det nye året ønskt velkommen på Fonnes, med god mat og drikke, bakkefyrverkeri og stjerneskot. Ein flott start på det nye året!