tirsdag 31. mars 2009

Gamle reiskapar


Det er ei stund sidan desse reiskapane var i bruk. Då traktoren kom og overtok arbeidet til hesten, vart slåmaskina og hesteriva parkert bak låven, og der har dei blitt ståande.

mandag 30. mars 2009

Å forsera ei grind







Det er opplagt mykje enklare å gå over ei grind enn det er å opna den same, særleg når ein er iført fotsid kåpe

søndag 29. mars 2009

Sunnhordland







Det gjer godt å få eit glimt av sjø, ferjer og vårteikn. Ein tur til Stord kan anbefalast på det varmaste!

onsdag 25. mars 2009

Isdans







Her kan ein sjølvsagt velja mellom fleire fancy titlar: Svanesjøen, Svanedans eller rett og slett Svaner på Seimsvatnet

tirsdag 24. mars 2009

Framleis vinter




Når ein trur våren er komen, slår vinteren tilbake. Dette skjer kvart år, fleire gonger. Same det, vinteren er ikkje så verst, trass alt

torsdag 19. mars 2009

Nok ein fin morgon




Denne gongen vert det ein stopp ved rasteplassen ved Holemark mellom Bolstad og Evanger på E16

onsdag 18. mars 2009

Landskap med kraftlinje


Så kjekt at det er dagslys når ein dreg på jobb!!

torsdag 12. mars 2009

Seimsvatnet




Måneskinn over eit islagt vatn er kanskje ikkje spesielt originalt, kanskje er det rett og slett harry, men det er no litt fint likevel

onsdag 11. mars 2009

Horvei by night


Kveldsstemning i måneskin. Legg merke til den intense kvitfargen på fjella . Biletet viser Horvei i framgrunnen, E16 ( den ljose stripa midt i biletet ) og Bolstad i bakgrunnen. Trur det er venus som lyser oppe til høgre.

tirsdag 10. mars 2009

Evangervatnet




Så ulikt kan same motivet framstå. Eine biletet er teke ein grå og sur ettermiddag. Andre biletet er teke kl 22 om kvelden, i fullmåne

søndag 8. mars 2009

Kva er framme?


Kva er framme og kva er bak på dette dyret? Svaret er enkelt: Framme er der tunga er.

torsdag 5. mars 2009

Abend


Februarkveld ved Kate Kolvitz-Platz i Berlin. Har tru på at her er enno vakrare når det vert vår, med varme i lufta og lauv på trea

tirsdag 3. mars 2009

Sikring


Ein ting kan ein seia om tyskarane: Dei er i alle fall grundige! Her er det ikkje snakk om eit par kjegler når ein skal markera gravearbeid.

mandag 2. mars 2009

Alexanderplatz




Dette er storstova i gamle Aust-Berlin. Noko større enn Torgalmenningen i Bergen!