torsdag 30. desember 2010

Eg vil inn att


Godt å vera ute i snøen, og freistande å gå inn att når ein veit det er fyr på peisen

Ettermiddag - Vassenden



Ikkje den store trafikken på E16, men nokon er ute. Kanskje har dei vore til Voss på ski?

onsdag 29. desember 2010

Ettermiddag - Teigdalen







Klokka er 16.00. Ein kan ikkje sei at sola er i ferd med å gå ned, for i Teigdalen viser ikkje sola seg på denne tida av året. Likevel viser fargane på himmelen at me er i overgangen mellom dag og kveld.

mandag 27. desember 2010

Blue Christmas




20 kuldegrader gjer at det er lite freistande å vera ute lenge om gongen, men ein liten luftetur i den blå timen er likevel til å halda ut.

søndag 26. desember 2010

Sola har snudd!




Ok, det merkast ikkje enno, men med -18 på gradestokken er det godt å vita.

fredag 24. desember 2010

Jolestemning




Maten er klar til å setja på omnen, tunet er rydda for snø, golva vaska, det er tid for å nyta jolefreden.

torsdag 23. desember 2010

Kvelden før kvelden



Ute snøar det tett, svært tett. Vegen fram til huset snøar att like fort som eg brøyter. No har eg gitt opp. I staden satsar me på at det skal vera stemning inne. Treet (trea) er pynta, bordet er klart til å ta mot gjester. Dette er julestemning på Horvei

Ventar på toget


Eg må innrømma at venting ikkje er mi sterkaste side. Då det vart fem minutt å venta på toget kl 22.18, vart det tid til å ta eit bilete av brua på Bolstad.

onsdag 22. desember 2010

Juletreet på Bolstad.


Jadå, juletreet vart vist på bloggen om lag på same tid i fjor. Men det er så fint at det fortenar å verta vist fram kvart år. Det er største juletreet i Noreg, berre så det er sagt.

tirsdag 21. desember 2010

Styveshorgi


Dette er ein kveld med fullmåne, vakre stemningar og dermed fine fotomotiv. Problemet er at travle dagar og 20 minusgrader avgrensar fotoaktiviteten i stor grad. Men å stansa bilen og sjå at månen dukkar fram bak Styveshorgi går an.

søndag 19. desember 2010

Sild til jul



Sild i ulike variantar er eit viktig innslag på frukostbordet i jula. Kva er då betre enn å gå i lag med naboen og laga dobbelt så mange sortar på same tida. Resultatet av dugnaden vart sursild, ørtsild, einebærsild og akevittsild. Tomatsilda må venta til i morgon då me slapp opp for råvarer.

fredag 17. desember 2010

Peparkakelandsbyen



Bergen har sin pepperkakeby. Voss er litt mindre og derfor sin peparkakelandsby. Det er elevar i 9. klasse ved Voss ungdomsskule som har laga husa i landsbyen.

torsdag 16. desember 2010

Eitt hus - fire sider











Når huset er pynta til advent og månen skin, då vert det julestemning midt oppi alt stresset.

lørdag 11. desember 2010

Ventar på ferja


Kva gjer ein medan ein medan ein ventar at ferja skal dukka opp på Bruravik ein småsur desembermorgon? Ein kan f.eks ta fram kamera og stativ.

Utsikt



Var eigentleg på veg mot senga. Opdaga at det var skikkeleg stemningsfullt ute, dermed kom stativ og kamera fram. Dette var før regn og mildver sette inn.

søndag 5. desember 2010

Nysnø




Etter eit par veker med berrfrost, kom det endeleg litt snø. Ikkje mykje, men nok til at det vart kvitt.

lørdag 4. desember 2010

Kaldt ute


- nesten like kaldt inne. Det er fint å sjå på glasruter med rimfrost, men det er ikkje fullt så fint å opphalda seg i rommet bak rutene. Heldigvis er det også rom i huset der det er isolerte veggar, trelags vindauge, varmepumpe og vedomn!

fredag 3. desember 2010

Utanom sesongen







Halsnøy og særleg området kring Halsnøy Kloster er for meg sommarplassen framfor nokon. Når veret er fint, viser dette seg også å vera ein nydeleg plass også på førvinteren, jamfør solnedgangbileta. Desse bileta er frå midt på dagen, og dei er tekne frå klosteret.

torsdag 2. desember 2010

Sola går ned kl 15.30


Om lag kl halv fire seier sola takk for i dag. Dette er utløpet til Hardangerfjorden, ved Varaldsøy.

tirsdag 30. november 2010

November - Goodbye



Me vandrar ut frå ein iskald novembermånad og inn i ein like kald desember. Det fine er at ein kan gå over alt. Myrer og gjørmete vegar er som asfalt å gå på.

mandag 29. november 2010

Stord by night




Voss by night er blitt presentert før. Stord by night vert litt anleis. Her er mindre fjell som dannar bakgrunn og desto meir sjø i framgrunnen. Vangsvatnet vert liksom ikkje det same. For dei som er lokalkjende, er dette området mellom Rommetveit og Leirvik. Bileta er fotografert frå "Verdens Ende", Halsnøy Kloster.

søndag 28. november 2010

Solnedgang, Halsnøy







Kven har sagt at det berre er sommaren som er vakker ved kysten? Ein iskald novemberkveld på Halsnøy har også sine kvalitetar.

lørdag 20. november 2010

Fullmåne, inne


Når fullmånen står i aust, kan ein nyta det utan å gå ut. Eigentleg er det mindre forskjell enn ein skulle tru. Temperaturen er nesten den same, ute og inne i rotstova.

torsdag 18. november 2010

Hatlekinnet og Karlsvogna




Meining var å ta eit bilete av Hatlekinnet. Resultatet vart at Karlsvogna dukka opp ( hadde nok vore der heile tida). Litt uskarpt pga veldig lang eksponering, ca eitt minutt.

tirsdag 16. november 2010

Voss by night




Har sikkert brukt dette motivet før, men når det endeleg klarnar opp etter fleire dagar med sludd, snø og regn, må ein berre nyta det (eller utnytta det) . Gråsida eller Hanguren, fint er det uansett.

mandag 15. november 2010

Kunstig og naturleg lys


Med lang lukkartid fangar objektivet også opp det som er av kunstig lys.

søndag 14. november 2010

November


Ute: Sludd, rundt null grader. Inne: Fyr i omnen, cupfinale og farsdag. Det er ikkje vanskeleg å velja. Til og med Baltus syns det er best inne, men det er viktig å kontrollera uteområdet likevel.