fredag 31. oktober 2008

Frostrøyk



Ein fordel med kalde morgonar, er at ein kan få fine stemningar ved ope vatn

torsdag 30. oktober 2008

Skodde, regn og vind


Slik ser det ut i Prestegardsmoen når elementa verkeleg slår seg lause. Det er ikkje biletet som er uskarpt!

onsdag 29. oktober 2008

Flaum



Flaum i Vosso er mest dramatisk ved Flaga. Problemet er at E16 går forbi, utan mogelegheiter til avkøyring. Ein tur på gamlevegen og ein liten tur over bakkane er løysinga.

søndag 26. oktober 2008

Det fins ikkje dårleg vær, bare dårlige klær




For ein gongs skuld må eg bruka bokmål, i alle fall i overskrifta. Det vert liksom ikkje same rimet på nynorsk. Kva gjer ein når ein får besøk frå Asker og Stord, og regnet ausar ned? Jau, me samlar saman alt me har av regnklede, køyrer i Rasdalen og går på tur. Provianten er ein pose gullerøter. Etterpå er det heim til smalahove, øl og akevitt. Livet er slett ikkje så verst!

fredag 24. oktober 2008

Eit sommarminne


Når hausten viser sitt mest usymptiske andlet, kan det vera ok å ta eit tilbakeblikk på ein fin augustdag på Nøstet.

torsdag 23. oktober 2008

Prestegardsmoen i regn




Nokre inntrykk frå ei skikkeleg ufyseleg regnversdag på Voss. Uansett ver , ein tur i Prestegardsmoen er aldri bortkasta.

onsdag 22. oktober 2008

Bolstadøyri og Hatlekinnet


deler av Bolstad og Rongen sett frå Rasdalsberget

tirsdag 21. oktober 2008

Rasdalsvatnet



Ei lita stemning frå Rasdalen ein grå sundagsettermiddag

mandag 20. oktober 2008

Tysso




Tysso ligg på nordsida av Bolstadfjorden og er den vestlegaste bebudde plassen i Voss kommune. Elva som kjem ut i fjorden, er den same som renn fordi Stordalen, stølen som ofte er vist på denne bloggen.

lørdag 18. oktober 2008

Nok ei hausstemning



Biletet er rett og slett teke frå brua på Vassenden då eg var på veg heim frå jobb sist torsdag. Dette er ein haust med fine fargar!

tirsdag 14. oktober 2008

Bolstadfjorden



Slik kan Bolstadfjorden sjå ut ein regnvåt oktoberdag. Biletet er teke frå Rongakamme

søndag 12. oktober 2008

Nåli



Ufyseleg ver,men fine fargar på denne årstida

På veg til jobb


Tidleg morgon, himmelen er raud og speglar seg i Seimsvatnet. Desverre forsvann litt av fargane før eg fann ein plass å parkera bilen. Likevel vart det ikkje så verst.

fredag 10. oktober 2008

I skogen skulle være fest hos.....


Men kor i skogen var det eigentleg?

tirsdag 7. oktober 2008

Morgon (tidleg førmiddag)


Om hausten kan det ofte vera ein heftig kamp mellom sol og morgonskodde. her er det uavgjort.

søndag 5. oktober 2008

Soldalsfosen


Ei lita hauststemning frå fjellet. I framgrunnen ser du Soldalsfossen, i bakgrunnen ligg Stordalen.

lørdag 4. oktober 2008

Evangervatnet



For eit par dagar sidan la eg ut eit bilete av Evangervatnet tatt 02.10.07. Her er eit som er teke på same tid i år, pluss eit til.

fredag 3. oktober 2008

kveld


Det er kveld på Stordalen. Inne er det fyr på peisen og i parafinlampen. Ute står kameraet på stativ med fire sek lukkartid.

torsdag 2. oktober 2008

Over skoddehavet



Det er ikkje lett å sjå kva dette er, endå mindre kvar det er. Det er altså Bolstadøyri, fotografert frå Øvstedalsvegen før morgonskodda har letta. Det er ei spesiell oppleving å stå i solskin og tenkja på at dei der nede har det temmeleg grått.

onsdag 1. oktober 2008

Haustfargar




Nokre detaljar fanga inn på vår korte, men fantastisk fine tur til Stordalen