søndag 30. august 2009

Balkanfest, dag 2. Norsk jazz og Boban i Marko Makovic
















Norske jazzmusikarar i elitedivisjonen. god mat og ikkje minst Boban i Marko Makovic Orkestar gjord e andre dagen av Balkanfest på Evanger til, ja nettopp, ein fest.

lørdag 29. august 2009

Balakanfest, dag 1. Workshop og konsert med Erdogan Orkestar
















Dei proffesjonelle musikarane i Erdogan Orkestar inviterte unge musikarar frå distriktet med på workshop. Resultatet fekk publikum høyra om kvelden då ungdommane fekk vera med på første del av konserten til Erdagon Orkestar. Flott resultat, stor stemning, regnet stoppa og folk dansa . Det er berre å sjå fram til det som skal skje vidare i dag og i morgon. Topp stemning er garantert. sjå: http://www.balkanfest-evanger.com/

fredag 21. august 2009

Meir skodde


Dette er faktisk eit fargefoto som ikkje er konvertert til svart kvitt. Ikkje spesielt fargerikt denne morgonen, med andre ord

tirsdag 18. august 2009

Gråver og morgonskodde




Det har liksom ikkje vore det store fotoveret i det siste. I dag lysna det litt, sola titta fram, og skodda heva seg over tretoppane. Då kjem det seg!

søndag 16. august 2009

Moster




Endeleg ein tur til Mosterhamn der me fekk med oss ei fantastisk oppsetjing av "Miss Saigon". Der var det ikkje lov å fotografera. I staden kan me studera to av dei, fina, gamle husa på staden. Det kvite er Tollhagen, ein gammal tollstasjon. Det andre er Dahlanaustet som nett er restaurert.

mandag 10. august 2009

På fisketur




Eldstejento og eg prøvde fiskelukka. I følgje hennar fangstrapport fekk me 1 og 1/4 fisk. Det var ikkje eg som fekk den største fisken.

søndag 9. august 2009

Døtre med raud stol.




Endeleg vart jentene med oss til Stordalen. Det same vart ein raud stol frå Fretex. I løpet av ein liten pause på vegen, vart desse foreviga saman. Innrømmer at eg er veldig stolt av jentene.

torsdag 6. august 2009

Sjølvportrett med ullsokkar



I tilsynelatande djupe tankar, men det er ikkje tilfelle. Sanninga er at eg brukar trådlaus fjernutløysar og prøver å sitja så pass roleg at biltet ikkje vert uskarpt. Dette er inne i hytta på Stordalen. Peisen murte svigerfar og eg i 1992. Legg merke til trollkona på døra. Her er det May som er kunstnaren.

tirsdag 4. august 2009

Tidsfordriv




Det er mange måtar å utnytta ledig tid. Camilla har laga ein "drømmefangar" av ulike stoffrestar. Eg murte opp ein utepeis for å sleppa å kasta den gamle omnen. Begge tidsfordriva er plassert på Stordalen. No er det berre å håpa at veret vil snu seg til det betre, slik at me kan nyta desse verka.