lørdag 26. april 2008

Kveld


Så blå og spooky kan Bolstadelva vera ein sein kveld

onsdag 23. april 2008

Kvar sin smak


Etter ein lang vinter vert det vår. Rett nok er det framleis frostnetter, men likevel. Kvifor må då desse fuglane på død og liv oppsøkja einaste staden det har lagt seg is i løpet av natta? Hadde eg vore sjefsfugl, ville eg funne ein betre plass for middagskvilen.Det er`kje greitt å vera foggel i dag.

mandag 21. april 2008

Vår



To sikre vårteikn!!

lørdag 19. april 2008

???????


Kva er dette? Svaret er enkelt: Tenåring på moped, fanga med lang lukkartid.

torsdag 17. april 2008

Skidag



Torsdag 17.04 var det skidag for alle elevane og lærarane ved Evanger skule. Både store og små hadde ein fantastisk fin dag.

mandag 14. april 2008

Osterøybrua


Veit ikkje heilt kvifor, men eg vert alltid fascinert av bruer, store og små. Denne er stor, men ikkje større enn at det ristar kraftig når store bilar køyrer over. Dessutan er det ei fantastisk utsikt, både mot aust og vest

søndag 13. april 2008

Sykkeltur til Osterøy


I eit forsøk på å finna att den gode fysiske forma, la eg ut på sykkeltur frå Trengereid til Bruvik på Osterøy. Ein kjempefin tur, og forma var betre enn frykta. For ein som er glad i stein og liker å mura, vart denne trappa ei openberring. Skikkeleg imponerande!

Black and White


Kvifor skal to hundar ha monopol på å reklamera for whisky? Desse sauene på Bruvik kan også leda tankane inn på den skotske drykken.

lørdag 12. april 2008

Vossavangen


Vangen, sett frå Dagestad, ein fredagsmorgon kl 09.oo

Vangsvatnet


Sein morgon, eller tidleg føremiddag, sola har stått opp og skin over Vangsvatnet. Då er det fint å ha tid til å svinga bilen inn over Lilandsbrua, gå ut, kjenna at sola varmar og prøva å fanga stemninga-

onsdag 9. april 2008

Vår og vinter møtest


Dette biletet er tatt for eit par veker sidan. Det MÅ vera siste snøfallet. Men legg merke til sola skin. Det er ikkje sjølvsagt når du bur ein plass der sola er vekke frå ein gong i oktober til 25. februar

onsdag 2. april 2008

Skorve, Evanger


Når det endeleg slumpar til med ein fin vårdag, er det berre å koma seg ut. Her er eit motiv frå Skorve, to mil vest for Voss