fredag 26. februar 2010

Skog




Granskogen er grøn, og snøen er kvit. Like greitt i grunnen.

torsdag 25. februar 2010

Rørgo







Rørgo er ein fjellgard som var utan vegsamband fram til 1980-talet. Det er ein utruleg fin plass med mykje sol, vide bøar og mange hus. Stallen er eitt av dei minste husa. Det er lenge sidan det var hest her, men hesteskoene heng framleis på plassen sin.

onsdag 24. februar 2010

Ulike årstider



Det er nesten nøyaktig eit halvt år mellom desse to bileta av fossen i Nåli. Seier ikkje meir!

tirsdag 23. februar 2010

Vinterdetaljar







Det snøar og snøar. Snømåking er i grunnen ein svært oppskrytt aktivitet. I dag var postkassa sporlaust borte, men då eg hadde fått fjerna noko av brøytekanten, dukka ho opp att.

søndag 21. februar 2010

Horvei by night




Stille søndagskveld på Horvei, men biltrafikken viser att, både på stamvegen og bygdevegen.

lørdag 20. februar 2010

Framleis vinter







Om nokon skulle vera i tvil!

tirsdag 16. februar 2010

Kveld


Mørket har senka seg, men nymåne og lys frå dei tettbygde områda kring Bergen lyser opp himmelen på Vaksdal. Til venstre ser ein Stavenes, til høgre Osterøy og midt på biletet kan ein skimta Ulfsnesøy.

fredag 12. februar 2010

Kveldsfly


Ettermiddagsflyet til Oslo? Ikkje veit eg, ei heller om det er i rute, men det har i alle fall passert.

mandag 8. februar 2010

Siloball/tullball


Siloballar (traktoregg) er noko av det styggaste ein ser ute på landsbygda. Bortsett frå når det er snø og passeleg mørkt.

søndag 7. februar 2010

Lys i enden av tunnelen 2



Sol og snø er vakert. Viss du tilfeldigvis står inne i ein tunnel ( og det skjer jo av og til), kan du verkeleg seia at du har sett lyset.

lørdag 6. februar 2010

Perfekt!




Endeleg vart det ein vinterdag der fleire faktorar fall på plass: Fridag, snø, behageleg temperatur og til og med ei bleik sol. Då må det berre verta ein skitur!

torsdag 4. februar 2010

-22 grader


Når gradestokken sig under -20, er det eigentleg mest behageleg å betrakta naturen gjennom eit vindauge. Uten stilongs er ein snartur bortom Prestegardsalleen meir enn nok. Det vart eitt bilete i full fart.

tirsdag 2. februar 2010

Blått lys







Ein stopp på Rekve på veg til jobb. Dette er kanskje finaste tida i døgnet på denne tida av året.