tirsdag 20. januar 2009

Tintrabrui


Tintrabrui er ei flott, gammal hengjebru som kryssar elva mellom Gjernes og Prestegardsmoen på Voss

mandag 19. januar 2009

Sett frå skogen


Gran-og furutre kan godt tena som innramming, men då må ein vera nøgd med det naturen har bestemt.

søndag 18. januar 2009

Filter



Bruk av filter når ein bearbeider bilete, er mest for moro, i alle fall for min del. Tilfeldigvis kom eg over eit sommarbilete som totalt endra karakter med brunfilter. Fjorårets sommartur vart med eitt til ei stølsstemning frå gamle dagar.

Evangervatnet







Det er ikkje ofte det er bølgjer med kvite toppar på Evangervatnet. Derfor kjem denne miniserien frå i går ettermiddag-

lørdag 17. januar 2009

Gimpa Evangervatn


Etter langtid utan bilethandsamingsprogram, har eg endeleg fått lasta ned Gimp2.6. Dette må sjølvsagt prøvast ut. Motivet er Evangervatnet i stiv kuling, fotografert frå Hjørnevik.

onsdag 14. januar 2009

Måne nok ein gong


For to dagar sidan vart månen fotografert ut eit vindauga. I kveld vart den same månen fotografert i same posisjon ved same huset.

Vatn og is




Veksling mellom snø og is gjer vatnet stig og isen bryt opp, som her på Vangsvatnet 13. januar

mandag 12. januar 2009

Kikk inn, måne


Viss eg kikkar ut på månen, er det vel rimeleg å tru at månen kikkar inn til meg?

lørdag 10. januar 2009

Måne og vind







Måne og vind er kanskje ein uvanleg kombinasjon, men fullmåne og skyer som driv i høgfart, skaper fine effektar. bileta er tekne med blendar 7.1 og lukkartid som varierer frå 8 -15 sek.

Is og vatn



Kombinasjonen av rennande vatn og is er gode fotomotiv, og endra lysforhold gir nye fargar og stemningar.

torsdag 8. januar 2009

Vassenden




Is på Evangervatnet, elva er open og veglampar ved E 16 lyser opp i ein ganske mørk vinterkveld. Ei slags stemning dette også.

onsdag 7. januar 2009

Kva er dette?


Svaret er: Ei vegskjering delvis dekka av is og opplyst av forbipasserande bilar!

mandag 5. januar 2009

Vinter på Bolstadøyri



Snø, kaldt,stille, skiføre. Slike vintrar det vil gamle Norge ha!

søndag 4. januar 2009

Skitur




Årets første skitur. Ikkje mykje snø, men nett nok til ikkje å ripa opp skiene. Sol og snøtunge tre skapar ei fin ramme rundt dei fysiske utfaldingane.

lørdag 3. januar 2009

Maritim nyttårsdag 2


Naustmiljø ved Fonnes kai.